Samfunnsfag

  • Psykologikonferanse med Otto Kernberg

    Publisert

    Avdeling for samfunnsfag og historie arrangerer ein fagkonferanse torsdag 8. oktober i Ålesund. M.D. Otto F. Kernberg helg hovudinnlegga. Kernberg har i ein mannsalder vore synonym med forståing og behandling av borderline personlegdomsforstyrring. I dag fekk studentar, tilsette og andre høyre han i Volda.

  • Roar Amdam med bok på Routledge forlag

    Publisert

    Professor Roar Amdam publiserte 28. september boka Planning in Health Promotion Work - an empowerment model på det prestisjetunge forlaget Routledge. Boka kom samstundes ut i USA og Europa.

  • Forskingsdagane 2010: Mastermøte i samfunnsfag og i sosialt arbeid

    Publisert

    I morgon vil fire tidlegare masterstudentar, Geirmund Dvergsdal, Nils Ola Skuset, Henriette Bryn og Torill Marie Terum presentere tema frå sine masteroppgåver. Kandidatane studerte Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og leiing, og Mastergradsstudium i sosialt arbeid, meistring og myndiggjering.

  • Rekordmange studenter ved skoleledelse

    Publisert

    Masteremnet i skoleledelse ved Høgskulen i Volda starter opp med 20 studenter i år. Denne uken er det første samling hvor de ble møtt av Roy-Asle Andreassen og Gunn Vedøy. Gunn Vedøy er nytilsatt førsteamanuensis med doktorgrad i utdanningsledelse, og kommer fra universitetet i Stavanger.

  • Leiarkurs for Skodje kommune

    Publisert

    Tysdag 24. og onsdag 25. august starta heile toppleiinga og alle einingsleiarane i Skodje kommune på ei leiaropplæring i regi av Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag ved Høgskulen i Volda.

  • Seminar: Saman om omsorg for barn 2009

    Publisert

    Institutt for sosialfag og førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda arrangerer seminaret ”Saman om omsorg for barn” – forkorta til SOM-seminaret 2009. Høgskolelektor Anne Marie Verpe fortel at arrangementet er lagt opp som fagdagar for studentar over fire dagar. – Seminaret vekslar mellom faglege innlegg ved representantar både frå praksisfeltet og høgskulesektoren, og gruppearbeid for deltakarane.

  • Professor Lars Inge Terum tilbake til Volda

    Publisert

    Professor Lars Inge Terum var student i Volda på syttitalet, og er no tilbake ved Høgskulen i Volda som professor II frå 1. oktober 2008. Han skal særleg vere knytt til eit stipendiatprogram i profesjonsretta forsking som etter planen skal setjast i verk frå nyttår. I tillegg er han knytt til oppgåver ved Institutt for sosialfag og Institutt for pedagogikk.

  • Å skape det gode livet

    Publisert

    - Korleis skal vi løyse framtidas omsorgsutfordringar? Ein ting veit vi: Dei fleste av dei må løysast av dei kommunale helse- og omsorgstenestene, seier tidlegare rektor og no dagleg leiar på Møreforsking, Gunnar Stave. Desse tenestene skal møte behova til eldre menneske, men også til ei veksande gruppe av yngre brukarar. Problemstillinga blir sett lys på onsdag 19. november når Høgskulen i Volda inviterer til dagsseminar om Aktiv omsorg.

  • Fagdidaktisk seminar om utviklinga i religionsundervisninga

    Publisert

    Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK) ved Høgskulen i Volda arrangerer eit fagdidaktisk seminar for studentar og øvingslærarar om overgangen frå KRL til RLE. – Vi tek opp utviklinga av religionsundervisninga i grunnskulen, melder professor Per Magne Aadnanes.

  • Open førelesing om kommunikasjon og miljøterapi i demensomsorga

    Publisert

    Torsdag 30.10.2008 kl. 12.30-14.15 vil Anne Marie Mork Rokstad førelese om ”Kommunikasjon på kollisjonskurs” på andre samlinga i studiet Miljøterapi i demensomsorga. Førelesinga blir halden på rom 108 i Ivar Aasen-huset. Dette vil vere ei opa førelesing der andre interesserte kan ta del, melder Solfrid Teigen.(Bildet) Teigen er representant for oppdragskommunane Volda, Ørsta, Herøy, Ulstein, Vanylven, Sande og Hareid.