Roar Amdam med bok på Routledge forlag
Boka tek utgangspunkt i at lokalsamfunnsutvikling, planlegging og partnerskap har blitt viktige omgrep i folkehelsearbeidet, og at desse omgrepa har blitt drøfte meir i planleggingsfaget enn i litteratur om folkehelsearbeid. Amdam bygger på teori og ny empiri frå lokal, regional og internasjonal planlegging og folkehelsearbeid når han utviklar ein ny modell for helsefremmande arbeid, som han på norsk kallar kapasitetsbyggande planlegging.
Nyskapande konsept
Mykje plan- og utviklingsarbeid innanfor helsefremmande arbeid er dominert av fagfolk sine ovanfrå ned tilnærmingar, og når folk blir inviterte til å delta i planlegginga, har fagfolka ofte ei uklar forståing av korleis kapasitetsbygging kan støttast av folkehelsearbeidet. Gjennom eit nyskapande konsept kombinerer Amdam ovanfrå ned tilnærming med nedanfrå opp tilnærming med sikte på å gjere folk meir i stand til å ta vare på si eiga helse og stimulere individuell og kollektiv kapasitetsbygging slik at ein som person og lokalsamfunn kan meistre nye utfordringar.
Bok høver for studentar og forskarar innan helsefremmande arbeid, og dei mange eksempla gjer boka til ein viktig ressurs for politikarar og praktikarar som opptekne av folkehelsearbeid.
Roar Amdam har arbeid med planlegging og folkehelsesarbeid i mange år og har gjennom utalege foredrag i inn- og utland erfart at bodskapen i boka blir godt moteken, men at den også utfordrar tanke- og handlemåtar til fagfolk som meiner dei veit korleis tilstanden til folks helse er og bør vere.
Det er hard konkurranse om å få publisert internasjonalt og dette forlaget publiserer berre det aller beste som blir sendt inn. Det inneber difor ei stor personleg anerkjenning å få utgitt ein monografi på dette forlaget, og det inneber også ei anerkjenning av at planleggingsfaget ved Høgskulen i Volda ligg langt fram i ein internasjonal samanheng.
Les meir om Mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging og leiing