Torsdag feira Høgskulen i Volda (HVO) ein ny merkedag: opninga av det nyoppussa Hans Strøm-huset. Studenten Maher Othman fekk æra av å klippe snora i lag med ein stolt rektor.
HVO-forsking på plikta til å avverje partnarvald vekte nyleg sterk interesse på ein europeisk konferanse. Forskingsprosjektet MANREPORT-IPV varer til 2026 og er HVOs største nokosinne.
Studentar ved institutt for sosialfag vert sentrale i samarbeid med Rauma og Vestnes kommunar. Eksamensoppgåvene deira vert nemleg grunnlag for planprosessar i desse to kommunane.
Sunnmøre historielag og Viti har lansert ei historisk utgåve av Årbok for Sunnmøre. Frå den 98. årgangen har tidsskriftet vitskapelig status. Første vitskapelige artikkel handlar om den vanskelege og hittil ukjende historia til ei sunnmørsk frontkjempar.
Saman med Alan Swan og Àngel Beneito har professor emeritus Jon Olav Myklebust skrive bok om om den svenske barneheimen i Dénia, mellom Alicante og Valencia, under den spanske borgarkrigen (1936 – 39).
I 2021 feirar sosialfagutdanningane ved Høgskulen i Volda 50 år. Ein av dei sentrale aktørane i utviklinga av desse utdanningane, er professor Tor-Johan Ekeland som nyleg kunne gå over i pensjonistane sine rekkjer. Ekeland har hatt eit særleg ansvar for utviklinga av masterstudiet «Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering» og ph.d.-studiet i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskulen i Molde.