Ekskursjon til Kleven Maritime
Bachelor- og masterstudentar frå Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag ved ASH var i går på vitjing i den maritime klyngja i Ulstein, nærare bestemt hos Kleven Maritime. Fokuset for ekskursjonen var regional planlegging og utvikling i praksis.
Styreleiar Kjersti Kleven i Kleven Maritime førelas om verksemda si regionale rolle, klyngja dei er ein del av, forskingsbehova dei ser føre seg framover og kva rolle det offentlege verkemiddelapparatet spelar, eller kan spele, for deira verksemd. Til slutt var det spørsmål frå engasjerte studentar akkompagnert av forfriskande frukt og drikke spandert av Kleven.
Vitjinga vart avrunda med ein times guida tur gjennom eit snart leveringsklart skipsbygg. Denne runden gav studentane ein smak av kompleksiteten og fagmangfaldet moderne skipsbygging inneber.
Semja var stor om at ekskursjonar som denne er viktige og motiverande for framtidige planleggjarar og leiarar fordi dei tilfører den teoretiske kvardagen praktiske element frå den verda dei seinare skal verke i.
Instituttet gler seg alt til neste gong
Les meir om bachelor- og masterstudium ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag