Professor Lars Inge Terum tilbake til Volda
Professor Lars Inge Terum var student i Volda på syttitalet, og er no tilbake ved Høgskulen i Volda som professor II frå 1. oktober 2008. Han skal særleg vere knytt til eit stipendiatprogram i profesjonsretta forsking som etter planen skal setjast i verk frå nyttår. I tillegg er han knytt til oppgåver ved Institutt for sosialfag og Institutt for pedagogikk.
Terum er professor og dr.philos i sosiologi, og har dei siste tiåra leia arbeidet med å byggje opp Senter for profesjonsforskning ved Høgskolen i Oslo. Senteret har i dag om lag 30 faglege medarbeidarar og er eit leiande forskingsmiljø i Norden på sitt område. Terum har tidlegare arbeidd som forskar ved NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring), der han særleg arbeidde med forsking om sosialhjelp og sosialpolitikk.
Ein grunn til at Terum har takka ja til stillinga ved Høgskulen i Volda er det samarbeidet som finst mellom høgskulen og Senter for profesjonsstudier. Mellom andre Peder Haug og Kåre Heggen samarbeider om forskingsprosjekt med SPS.
Det kan og nemnast at Terum starta si akademiske løpebane her i Volda. I 1972-74 var han student ved studiet "Organisasjons- og velferdsarbeid" ved Distriktshøgskulen og studieåret 1974-75 var han tilsett ved det same studiet.