Fagdidaktisk seminar om utviklinga i religionsundervisninga
Frå KRL til RLE. Fagdidaktisk seminar.
Onsdag 5. november, kl. 12.00 – 16.30.
Seminaret er onsdag 5. november i rom 244, Hans Strøm-huset. Programmet går frå kl. 12.00 til kl. 16.30. I tillegg til innlegg frå lærarar ved instituttet vert det høve til diskusjon og samtale. Arrangementet er ope for alle interesserte.
Program:
12.00-13.00
Professor Per Magne Aadnanes: Religiøst og livssynsmessig mangfald i Noreg i dag. Kva oppgåve skal RLE fylle?
13.15-14.00
Førsteamanuensis Birger Løvlie: Utviklinga frå KRL til RLE
14.00-14.30 – Kaffipause
14.30-15.15
Professor Arne Redse: Kva verdiar vil RLE formidle?
15.30-16.15
Førsteamanuensis Ralph Meier: Religionsundervisning i England. Lære om og lære av religion
16.15- 16.45
Samtale og oppsummering