Dei nye brukargruppene stiller krav til nye arbeidsmåtar og endra kompetanse. Disse problemstillingane er sett på dagsordenen gjennom ei stortingsmelding frå Helse- og omsorgsdepartementet, og blir drøfta både i praksisfeltet og i utdanningsinstitusjonane. Stikkordet er aktiv omsorg. Samarbeid med praksisfeltet Høgskulen i Volda har i samarbeid med omsorgstenestene i kommunene i vår region, tatt initiativet til ei konferanserekke der vi har drøfta både utfordringane og spørsmålet om korleis vi kan samarbeide for å utvikle den kompetansen som desse tenestene må ha i framtida. Formålet er å skape ein møteplass mellom høgskule og praksisfeltet. Onsdag 19. november arrangerer vi den tredje konferansen med temaet: Å skape det gode livet. Vi vil sette søkjelyset på kompetansebehov og særleg korleis kultur kan spele ei viktig rolle i aktiv omsorg. Konferansen er open for alle interesserte. Les meir og meld deg på www.hivolda.no/omsorg | tidlegare rektor og no dagleg leiar på Møreforsking, Gunnar Stave er med i prosjetgruppa for Aktiv omsorg ved Høgskulen i Volda
|