Open førelesing om kommunikasjon og miljøterapi i demensomsorga
Anne Marie Mork Rokstad har i mange år arbeidd på alderspsykiatrisk avdeling på Molde sjukehus. Ho er no tilsett som einingsleiar på Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse. Ho har skrive bøker og artiklar om kommunikasjon med personar med demenssjukdom, og ho har teke masterutdanning i kvalitetssikring av omsorg for svake eldre, fortel Solfrid Teigen.
Solfrid Teigen er representant for oppdragskommunane, Volda, Ørsta, Herøy, Ulstein, Vanylven, Sande og Hareid.
Kommunikasjon på kollisjonskurs
Dei som arbeider med personar med demens, har nok opplevd situasjonar der kommunikasjonen er på kollisjonskurs. Anne Marie Mork Rokstad har gjennom arbeidet sitt og studiar, samla stor kompetanse innan dette feltet. For at fleire enn dei som er studentar skal få høve til å høyre henne, er førelesinga open for alle interesserte.
Ei viktig satsing for kommunane
Kommunane har og vil få store utfordringar i demensomsorga i åra framover. For å møte utfordringane på ein god måte har omsorgsavdelingane i kommunane på Søre Sunnmøre mellom anna satsa på etter- og vidareutdanning.
Auka kompetanse er avgjerande for god omsorg
Endra åtferd kan vere eit resultat av ei demensutvikling og kan skape store utfordringar for hjelparar og pårørande. Kunnskap om demens og kva som påverkar åtferdsendringa er viktig for å kunne planleggje og utføre god omsorg. Vi trur at tilsette med gode kunnskapar vil vere pådrivarar for utvikling av betre tenester i kommunane. Av den grunn har vi i samarbeid med Høgskulen i Volda fått utarbeidd dette studiet.