Forskarar frå Høgskulen i Volda har nyleg vore i Porto og lagt fram forsking frå prosjektet "Sårbare unge vaksne" i høve "European Conference on Educational Research".
Kvalitet er det samlande omgrepet i denne antologien basert på artiklar og posterar presentert på Fjordkonferansen 2013. Redaktørar for boka er Jørgen Amdam, Øyvind Helgesen og Knut-Willy Sæther.
Høgskulen i Volda har fått godkjent søknaden om å starte doktorgradsutdanning innanfor helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde. Det statlege kvalitetssikringsorganet NOKUT godkjende utdanninga torsdag 19. juni, og dei første studentane kan tidlegast ta til hausten 2015.
Professor Rune Kvalsund ved Institutt for sosialfag har utvikla eit omfattande nettverkt knytt til pedagogisk forsking om skular og oppvekstmiljø i små lokalsamfunn, og han har vore leiar for internasjonale faggrupper som arbeider med slike spørsmål. No er han aktuell med ein artikkel i "Doing educational research in rural settings".
I dag er rundt tjue leiarar frå Sunnmøre politidistrikt samla ved Høgskulen i Volda. -Det er spanande å sjå samnhengar mellom teori og praktiske døme frå vårt daglege arbeid i politiet, seier Siri Krohn Dalen, Personalsjef i Sunnmøre politidistrikt.
– Emnet er eit godt utgangspunkt for ei eventuell masteroppgåve i anten samfunnsplanlegging eller helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering, seier fagansvarleg høgskulelektor Gerd Skjong. Søknadsfristen er 26. januar.
Professor Inger Marie Okkenhaug ved Høgskulen i Volda er ein av redaktørane bak antologien «Transnational and Historical Perspectives on Global Health, Welfare and Humanitarianism».