Forskingsdagane 2010: Mastermøte i samfunnsfag og i sosialt arbeid
Geirmund Dvergsdal, Nils Ola Skuset og Henriette Bryn tok Masterstudium i samfunnsplanlegging og leiing.
Torill Marie Terum tok Masterstudium i sosialt arbeid, meistring og myndiggjering.
Tid: Fredag 1. oktober kl. 12.00–14.30
Stad: Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, store auditorium
Kl. 12.00–12.30
Tenke det, ønske det, ville det med ... Om forebygging av seksuelle overgrep i Den norske kirke
Henriette Bryn
Den norske kirke (Dnk) har siden 1996 offisielt hatt et åpent, erkjent søkelys på at seksuelle overgrep også skjer i kirkelige sammenhenger. Likevel kan det ofte virke som om det slår ned som en bombe hver gang en overgrepssak blir offentlig kjent.
Dnk bruker selv ord som "synliggjøring" og "den svakeste parts forsvarer" som begrunnelse for å jobbe mot og ta tak i overgrepssaker. I tillegg til å avdekke hva bispedømmene selv mener de gjør av preventivt arbeid, setter studien søkelyset på endel av utfordringene organisasjonen møter i krysningspunktet mellom det å være arbeidsgiver og det å være kirke. Ved hjelp av ledelsesteorier diskuterer Bryn hvorvidt selve organisasjonsoppbyggingen av Dnk gjør dette arbeidet ekstra vanskelig.
Kl 12.30–13.00
Lokalsamfunnsutvikling – frå dugnad til business?
Geirmund Dvergsdal
Lokalsamfunn er det dei er fordi nokon tar større ansvar, er meir kreative og vil meir enn andre. Spørsmålet blir då: Kvifor er nokon villige til å ta store sjansar, enten sosialt eller økonomisk, for å få til noko som kanskje berre vedkomande ser meining i?
Dvergsdal har i si masteroppgåve gjennomført eit casestudie i to lokalsamfunn i Sogn og Fjordane som utmerkjer seg med entreprenøriell aktivitet, for å sjå om desse har kjenneteikn som seier noko om kvifor og korleis entreprenøriell utvikling skjer. Har den eit individuelt eller kollektivt fokus, korleis fungerar samspelet mellom individet og lokalsamfunnet og kva skjer når "dugnadsånda" blir utfordra av kommersielle aktørar?
Les også Bygdeutvikling er risikosport; kronikk av Geirmund Dvergsdal på forskning.no
Kl. 13.00 –13.15 Pause
Kl 13.15–13.45
Grensesetting i ein snøskredaksjon
Nils Ola Skuset
Tematikken i studien er dramatisk: Det dreier seg djupast sett om det eksistensielle dilemmaet om vi skal ofre liv for å berge liv. Spørsmålet er eksemplifisert gjennom studie av ein søkeaksjon som vart gjennomført av ei skredredningsgruppe. Det sentrale spørsmålet i studien erkorleis beslutninga om grensesetting skjer i ein risikoutsett skredaksjon?
Studien baserte seg på eitt kasus, ein søkeaksjon og intervju av tolv informantar, der ti var involvert i aksjonen, den ellevte er ein tidlegare leiar av ei skredredningsgruppe og den tolvte er ein røynd skredforskar. Felles for alle aktørane er at dei høyrer heime i same lokalsamfunnet. Studien viser mellom anna at band mellom redningsmannskap og den sakna forsterkar dilemmaet i aksjonen.
Kl 13.45–14.15
Pårørandeskular – ei hjelp til meistring?
Torill Marie Terum
Terum har gjennomført ein studie der ho undersøkte kva pårørande til demente opplever som belastande. Vidare har ho undersøkt korleis det å tileigne seg kunnskapar om sjukdommen og å møte andre i same situasjon eventuelt hjelper dei til å meistre utfordringar dei opplever i kvardagen. Funna vart analysert i lys av Antonovskys lære om salutogenese.