Leiarkurs for Skodje kommune

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

97d287f4a29a5a4fcc1af994970c071361a88389

Leiaropplæringa er spesielt tilrettelagt for Skodje kommune, og gå over 3 semester. I kvart semester er det ei samling over to dagar og to oppfylgingssamlingar. Det vil også vere forventa lesing av litteratur og etterarbeid (mellom samlingane) i form av gruppeoppgåver og skriving av refleksjonsnotat. Gruppeoppgåver og refleksjonsnotat vil ha tematikk knytt til lokale prosjekt eller problemstillingar, og dekkjer konkrete utviklingsbehov i kommunen.

Dei deltakarane som vil skaffe seg formell kompetanse, kan nytte kursopplegget som vidareutdanning. Gjennom å lese noko meir litteratur og skrive ei oppgåve/ fagleg artikkel, vil dei få eksamen for 15 studiepoeng på masternivå. Eksamen vil tilsvare emnet IPA 304 Leiing og personalutvikling innan vår Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing. 
Les om leiarutdanninga i studiekatalogen

Ansvarleg for opplegg og gjennomføring er Magnar Hjertenæs.

Første samlinga var lagt til Ivar Aasen-hotellet i Ørsta, og tysdagen vart avslutta med fjelltur.

Del på