Samfunnsfag

  • Harald Endre Tafjord har disputert

    Publisert

    Det var verkeleg historisk og internasjonalt preg over tema og deltakarar under disputasen til Harald Endre Tafjord (39) ved Universitetet i Oslo 26. april. Temaet var politisk kultur, vennskap og konflikt i spansk mellomalder. Opponentane kom frå Universitetet i Cambridge og frå Syddansk universitet.

  • Voldaforskarar skriv bok om kvalitet i opplæringa

    Publisert

    – Boka «Kvalitet i opplæringa» handlar om ulike sider ved arbeidet i skulen, slik det kjem fram i ei omfattande undersøking gjennomført av ei gruppe forskarar ved Høgskulen i Volda, seier professor Peder Haug.

  • Musikk i demensomsorga

    Publisert

    Rundt femti aktive og engasjerte deltakarar frå pleie og omsorgssektoren er i dag samla på Høgskulen i Volda for å oppleveseminaret Musikk i demensomsorga.

  • Ny rapport: Høgskulane på Vestlandet leverer arbeidskraft til eigen region

    Publisert

    – 50 prosent som kjem får andre delar av landet for å studere ved høgskulane på Vestlandet, tek seg også arbeid i regionen. Dei høgskulane rekrutterer frå eige fylke, vert også i hovudsak verande. Dei som reiser ut av regionen for å ta utdanning, kjem i mindre grad tilbake, seier professor Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda.

  • Australia og Vietnam på eit semester

    Publisert

    Reiselysten og interessert i lærdom om andre kulturar? Lei av haustmørkret, regn og kulde, og lengtande etter sol og tropisk klima? Austral-asiatisk kulturstudium kan vere midt i blinken for deg.

  • Ny bok om internasjonal solidaritet: Skandinavisk hjelpearbeid i ein spansk by i 1937

    Publisert

    Borgarkrigen i Spania skapte eit brennande engasjement med internasjonale frivillige og sterk innblanding frå framande makter. Den 25. april, dagen før den tyske bombinga av Guernica, vart eit svensk-norsk hospital opna i Alcoi. Historia om dette hospitalet er no grundig dokumentert av historikaren Angel Beneito Lloris og HVO-professor Jon Olav Myklebust.

  • Studentar i planlegging og adminstrasjon studerer maritim næring

    Publisert

    Før bachelorgradsstudentane i planlegging og administrasjon tok eksamen var dei på bedriftsekskursjon til Ulsteinvik. - Studentane hadde mellom anna god nytte av å få konkret kjennskap til utfordringar knytt til næringsutvikling og til innovasjon i den maritime næringa, fortel førsteamanuensis Nathalie Homlong, som er ansvarleg for studiet.

  • Rapport om brubygging mellom Sør og Nord

    Publisert

    Høgskulen i Volda og fire lærarutdanningsinstitusjonar i Malawi og Namibia gjennomførte i perioden 2003-2008 prosjektet ’Utveksling for utvikling’. Odd Ragnar Hunnes og Norleif Vik har laga rapport frå og om prosjektet. Tilbakemeldingar frå nøgde deltakarar tyder på god måloppnåing gjennom kunnskap om og samvær med kvarandre.

  • Ny kunnskap om NAV og sosialarbeidarrolla

    Publisert

    I den nye utgåva av boka "Organisert velferd" gir førstelektor Alf Roger Djupvik ved sosialarbeidarutdanninga ved Høgskulen i Volda og førstelektor Magne Eikås ved Høgskulen i Sogn og Fjordane greie for korleis nyare reformer, som NAV-reforma, skaper utfordringar for tenesteytarar og brukarar i offentleg sektor.