Ja til PhD-utdanning i Volda og Molde

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

Doktorgradsutdanninga har tittelen «Profesjonsutøvelse mellom fag, bruker og forvaltning», og er den første felles doktorgraden mellom to høgskular i Noreg. Det er Kunnskapsdepartementet og styra ved dei to høgskulane som bestemmer når doktorgradsutdanninga skal ta til.  Dette vil bli den andre doktorgradsutdanninga i Møre og Romsdal. Frå før har Høgskolen i Molde doktorgradsutdanning i logistikk.

Stor glede i Molde og Volda

– Styret i NOKUT har med dette sagt at dei to høgskulane har sterke fagmiljø. Vidare har NOKUT sagt at det planlagde doktorgradsstudiet har godt innhald, og at dei som tek doktorgradsutdanning innanfor dette fagområdet vil bli etterspurde på arbeidsmarknaden, seier rektorane ved dei to høgskulane, Hallgeir Gammelsæter i Molde og Per Halse i Volda.

NOKUT: Volda og Molde - eit "eksempel til etterfølgelse".

– NOKUT si avgjerd syner at fagmiljøa innanfor sosial- og helsefag ved dei to institusjonane er av internasjonal høg kvalitet. Men tilbodet om doktorgrad er viktig for regionen og ikkje minst for helse- og sosialsektoren, med dei store utfordringane den står overfor, seier rektorane Halse og Gammelsæter.

NOKUT har vurdert søknaden frå dei to høgskulane grundig, og hadde blant anna eit heildags besøk på kvar av institusjonane.

d2eb5c547bd5580967e30eabf24eafa2 

Rektorane Hallgeir Gammelsæter i Molde og Per Halse i Volda.

Barnevern, sosialfag, sjukepleie og vernepleie

Ved Høgskulen i Volda har fagfolka tilknytt doktorgradsutdanninga i mange år arbeidd med profesjonsutdanning av barnvernsarbeidarar og sosionomar, medan fagfolka i Molde arbeider innanfor sjukepleiar- og vernepleiarutdanninga. Dei to høgskulane har i fleire år samarbeidd om å gje mastergradsutdanning innanfor desse profesjonsutdanningane. Samarbeidet blir no utvida til doktorgradsutdanning, og dei to miljøa har også sendt forskingssøknader på det same fagområdet. Når studiet er oppe og går for fullt vil det vere minst 15 doktorgradsstudentar i arbeid. Høgskulane reknar med at utdanninga vil vere interessant for fagfolk både ved høgskular og i offentlege etatar innanfor helse- og sosialsektoren. Doktorgradsstudentane arbeider i 3-4 år med sine prosjekt, og får kurs og rettleiing av professorar og andre topp kompetente forskarar ved høgskulane i Volda og Molde.

Korleis får ein doktorgrad?

• Opptakskrav er mastergrad i helse- og sosialfag eller tilsvarande
• Eit felles doktorgradsutval tek opp studentar på studiet
• Studiet tek 3 år på fulltid.
• Studentane er vanlegvis tilsette i stipendiatstilling ved ein høgskule eller eit universitet. • Offentleg tilsette utanom høgskulesektoren kan også få opptak gjennom ei særleg ordning «Offentleg PhD», der Forskingsrådet betalar halvparten av kostnadene. • Doktorgradsstudenten skriv ei doktoravhandling som anten kan vere samansett av 3-4 vitskaplege artiklar, eller ei tradisjonell avhandling (monograf).
• Når avhandlinga er godkjent av ein professorkommisjon må doktorgradsstudenten gjennomføre ei prøveførelesning og eit munnleg forsvar av avhandlinga (doktordisputas)

Fakta om ph.d.-studiet i Volda/Molde:

• Ph.d.-studium i helse- og sosialfag – Profesjonsutøvelse mellom fag, bruker og forvaltning.
• Eit samarbeid mellom høgskulene i Molde og Volda
• Første fellesgrad på ph.d.-nivå mellom høgskular i Noreg
• Planlagt start hausten 2015
• Planane er godkjende av det statlege kvalitetssikringsorganet NOKUT (Nasjonalt Organ for Kvalitet i Utdanningen).

Les saka og rapporten på NOKUT sine sider.

Les omtale av saka på nettsidene til Høgskolen i Molde.

Del på