Ny bok: Det mangfaldige kvalitetsomgrepet
Kvalitet er det samlande omgrepet i denne antologien basert på artiklar og posterar presentert på Fjordkonferansen 2013. Redaktørar for boka er Jørgen Amdam, Øyvind Helgesen og Knut-Willy Sæther.
Kvalitet er eit mykje brukt omgrep og blir tolka og forstått på ulike måtar. Kvalitetsomgrepa nytta i artiklane er sterkt farga av faglege tradisjonar vi finn i forskings- og utdanningsmiljøa på Nordvestlandet.
Sentralt i boka står spørsmålet «Kva er kvalitet?» og med særleg vekt på:
Kvalitetsvurdering: For å vurdere om noko er bra eller dårleg må ein ha eit samanlikningsgrunnlag.
Kvalitetsstyring: For betring av kvalitet må ein leie eller styre prosessar og tiltak med grunnlag i vurdering av kvalitet.
Fjordkonferansen er samlingsstad for utveksling av kunnskap og erfaringar og skal bidra til nettverksbygging mellom fagmiljøa i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.