Tingretten samarbeider med Høgskulen
Sigrid Torbjørnson er den første praktikanten frå Høgskulen i Volda som er utplassert hos Søre Sunnmøre tingrett i Volda.
─ Eg ville helst til Tingretten. Eg tek Planlegging og administrasjon, og her har vi statsvitskap. Domstolane er ein del av dette, og det er fint å sjå korleis systemet fungerer i praksis, seier Torbjørnson.
Ressurs for rettskretsen Ho er òg oppteken av utviklinga i regionen. Når ho er ferdig med praksisen skal ho skrive oppgåve om Tingretten og dei varsla strukturendringane.
─ Folk reagerer sterkt på faren for nedlegging av Tingretten. Det er verdifullt for meg så sjå korleis det fungerer, og eg kunne godt tenke meg å jobbe her, seier Sigrid Torbjørnson.
─ Det er første gong vi har eit samarbeid med Høgskulen. Tidlegare har eg hatt foredrag om domstolane sin plass i samfunnet og om rettstryggleik. Eg synest det er veldig kjekt at vi kan vere ein ressurs for rettskretsen, seier sorenskrivar Elisabeth Wiik.
Tekst og foto: Heidi Sporstøl, Avisa Møre