INTERNASJONALT SAMARBEID OG NY BOK

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Som gjesteprofessor ved University of Cambridge har han publisert saman med assoc. professor Linda Hargreaves og professor Maurice Galton. Den siste publikasjonen er ein artikkel av Kvalsund og Hargreaves i boka: "Doing educational research in rural settings. Methodological issues, international perspectives and practical solutions", som kom på  forlaget Routledge i mars 2014. Boka er redigert av den australske professoren Simone White, Monash University og den  kanadiske professoren Michael Corbett, Acadia University, Nova Scotia.

15f7db344f031674dcc2f2122f43120c

Boka inneheld fleire artiklar av kjende forskarar og tar opp forskingsmetodar og arbeidsmåtar i studiet av barns skule- og oppvekstmiljø. Internasjonalt er dette eit omfattande forskingsfelt, og det spesielle med denne boka er vektlegginga av det “rurale” – kva betyr oppvekststaden og endringar i lokalsamfunna for barns oppvekst og læring? Dette er eit arbeidsfelt som i Noreg i dag er prega av ubalanse  -  det rurale blir vurdert med urbane målestokkar. Det gjeld også skule- og oppvekstmiljøet og kjem til uttrykk i risikoen småskulane  har for å bli lagde ned. Viktige spørsmål er derfor kva vurderingar som skal leggast til grunn for metodevala forskaren gjer, og kva konsekvensar kan slike val ha for dei lokalsamfunna som vert undersøkte? Det er viktige spørsmål om kva faglege briller vi ser med.

I artikkelen av Kvalsund og Hargreaves drøftar dei såleis forskarens perspektiv- og teorival, og korleis det kan sette uheldige “spor” i dei områda som blir undersøkte. Meir spesifikt blir omgrep og teori utforma av den engelske sosiologen Giddens som er opptatt av individualisering, globalisering og personlege val i kvardagslivet, samanlikna med meir empirisk orienterte prinsippa i teori om livsløp av Elder, Giele og Johnson. Kva betyr stad, tidsperiodar og overgangar i livsløpet for desse vala? Har barn, sårbare unge og eldre uavgrensa kapasitet i det å gjere individuelle val? Er det ein påtvungen individuell fridom (‘enforced freedom’) og dermed ein paradoksal situasjon? Slike spørsmål blir drøfta ved å samanlikne dei  to teoriperspektiva. Brillene som forskarar og folk elles ser verda gjennom, kan vere ulike, og for forskaren er teori viktig for å forstå desse ulike perspektiva og dei konsekvensane det å bruke dei kan ha for feltet dei arbeider i – kva oppvekstmiljøkvalitetar og handlingsevne kan sporast? Vektlegginga av stad og tid i eit livsløpsperspektiv gjer at forskarane lettare ser og handsamar folk dei får informasjon og data frå på respektfulle måtar og utan å gjere vald på det som blir utforska.

Boka tar elles opp spørsmål knytt til etikk, interessemotsetningar, statusen til forsking i perifere område, globalisering, kulturelle ulikskapar og staden som utgangspunkt for samfunnsforsking. Målgruppene er mastergrads- og doktorgradsstudentar.

Del på