Politiet på høgskulen
I dag er rundt tjue leiarar frå Sunnmøre politidistrikt samla ved Høgskulen i Volda. -Det er spanande å sjå samnhengar mellom teori og praktiske døme frå vårt daglege arbeid i politiet, seier Siri Krohn Dalen, Personalsjef i Sunnmøre politidistrikt.
- No skal vi ha ei økt der vi skal drøfte konkrete døme på konflikthandsaming, seier Dalen på veg inn i klasseromet der kollegene ventar.
Leiastudiet for Sunnmøre politidistrikt er eit samarbeid mellom konsulentbyrået PwC og Høgskulen i Volda.
- Leiarutvikling er spanande fagområde å jobbe med, seier Magnar Hjertenes, førstelektor ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda.
- Eg har vore heldig, og har fått jobba med mange ulike profesjonar innanfor maritim næring, skule, kyrkje, kommunal sektor og no politiet. Det er interessant å sjå at det er store likskapar på tvers av fagområda. Samstundes er det givande og lærerikt å møte nye profesjonar og hauste nye impulsar frå dei.
Leiarstudiet gir 15 studiepoeng på masternivå. Dette er fjerde samlinga.
- Noko av det som har vore viktig for oss er å gi leiarane våre ei felles platform i ei tid med store endringar i etaten, seier Dalen.
Les meir i nyheit frå 11. sept 2013