Studentsørvis

  • Fin budsjettauke for Høgskulen i Volda

    Publisert

    Framlegget til statsbudsjettet for 2013 gjev Høgskulen i Volda ein auke i løyvinga på 22 millionar kroner. – Det er betalinga for at vi har vore flinke og produsert mykje, kommenterer rektor Per Halse.

  • Vårens vakraste eventyr

    Publisert

    Har du lyst til å fortelje komande søkjarar om studietilbodet og studentlivet i Volda? Vi søkjer engasjerte og utadvendte studentar til å bli med på Noregsturne. Arbeidet er lønna. 01.11.12: Vi har no fått mange gode kandidatar og er i gang med intervju :)

  • Markerte den internasjonale lærardagen

    Publisert

    5. oktober er verdas lærardag, og dette markerte Høgskulen i Volda med kake og song til studentane ved grunnskulelærarutdanningane. – Behovet for lærarar er stort, og vi ønskte å sette litt ekstra pris på studentane våre, fortel studieleiar Odd Helge Mjellem Tonheim.

  • Ekskursjon til fylkeskommunen og fylkesmannen

    Publisert

    Måndag 1. oktober reiste studentar og førelesarar frå Bachelor i planlegging og administrasjon på ekskursjon til fylkeskommunen og fylkesmannen i Molde. Målet var å få eit meir konkret forhold til offentlege institusjonar som spelar vesentlege roller i det teoretiske grunnlaget som denne fagretninga byggjer på.

  • Fjerde utgåve av «Livssyn»

    Publisert

    "Livssyn" kom ut første gongen i 1982. – Denne fjerde utgåva er grundig bearbeidd og oppdatert. Boka har vore flittig bruka som grunnbok i livssynskunnskap innanfor KRL/RLE i lærarutdanning og universitetsstudium og er framleis aktuell for dette, seier forfattar og professor Per M. Aadnanes ved Høgskulen i Volda.

  • Vil du vere med i trekninga av ein iPad 2?

    Publisert

    I dag er den store valdagen. To studentar skal representere studentane i høgskulestyret, og du er med på å avgjere kven det blir. Du kan stemme frå kl. 09.00 - 15.00 og valområdet er utanfor STiV-kontoret i Berte Kanutte-huset. Dersom 100 studentar stemmer, blir det trekt ut ein iPad 2.

  • Spenstige dagar ved Høgskulen i Volda

    Publisert

    Sjekke blodtrykk, kople leidningar, lage blomsterkrans, vere journalist og klatre i kraftstolpar – dette var berre noko av det elevane kunne gjere under Karrieredagane ved Høgskulen i Volda denne veka.

  • Har inngått samarbeid med musikkgiganten Roland

    Publisert

    Høgskulen i Volda har inngått eit samarbeid med musikkselskapet Roland. Dersom samarbeidet utviklar seg godt, kan studentar frå Volda bli tatt opp ved Roland Academy. Denne veka hadde studentane på Musikkteknologi besøk av Thomas Revheim frå det verdsleiande selskapet.

  • Europas eneste animasjonsmuseum

    Publisert

    Europas eneste animasjonsmuseum har i tre dager trukket folk til kjelleren i Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda for å vise frem hvilken viktig rolle Volda spiller for norsk animasjon. Sunnmørsposten har laget et bildegalleri.