Markerte den internasjonale lærardagen
Målet med denne markeringa, som UNESCO står bak, er å skape engasjement rundt læraren sin status og oppgåver. UNESCO skriv: «It`s aim is to mobilize support for teachers and to ensure that the needs of future generations will continue to be met by teachers».
FRAMTIDIGE LÆRARAR: Det var mange framtidige lærarar som møtte opp på personalrommet i Kaarstad-huset for å vere med på markeringa
KJEKT: Elisabeth Lillestøl og Ingrid Svendsen Holstad, lærarstudentar på GLU 1 - 7, synest det var kjekt å bli invitert på markeringa.
KREATIVE KAKER: Under markeringa vart det servert fleire kreative kaker, laga av kantina på høgskulen.
I Noreg blir dagen feira i regi av GNIST. GNIST er ein partnarskap som arbeider for auka rekruttering til læraryrket. I GNIST Møre og Romsdal deltek Fylkesmannen, KS, Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet, Skoleleiarforbundet, Pedagogstudentane og representantar for kommunane og fylkeskommunen.
GNIST Møre og Romsdal vonar skuleeigarane i fylket vil løfte fram lærarane sine og minne om den gode og viktige jobben lærarane gjer for borna i Møre og Romsdal.
Les meir om den internasjonale lærardagen.
Foto: Veronica Kvalen Pilskog