Onsdag 21. januar er professor José Enrique López de Coca Castañer gjesteførelesar i fagemnet 'al-Andalus' under masterprogrammet Kulturmøte ved Høgskulen i Volda, melder Historisk institutt. Tema er dei siste mauriske samfunna i iberisk mellomalder og nasrid-kongedømet i Granada.
Det har aldri vore så mange nye internasjonale studentar i Volda som nett dette vårsemesteret - nærare 40 stk. Dei kjem frå landa Latvia, Romania, Tsjekkia, Tyskland, Lithauen, Tyrkia, Finland, Spania, Nord-Irland, Østerrike, Frankrike og Bulgaria.
- Rådgjevarar som jobbar med utdanning og yrkesrettleiing er velkomne til rådgjevarsamlinga i Volda 14. januar 2009, melder Torill Engeseth ved Informasjonskontoret ved Høgskulen i Volda. Den årlege rådgjevarsamlinga vert arrangert som eit samarbeidsprosjekt mellom høgskulane i Molde, Ålesund og Volda.
27.februar vil Studentenes Fredspris 2009 bli delt ut for sjette gang. Denne prisen deles ut på vegne av alle norske studenter til en student eller studentorganisasjon som har gjort en spesiell innsats for fred, demokrati eller menneskerettigheter.
Fredag 19. desember var Gerd Skjong, Lars Andre Olsen, Kristoffer Ciemski og Inger Hilde Hagen ferdig med mastergradsutdanning i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering. Med bakgrunn som sjukepleiarar og sosialarbeidarar er problemstillingane i masteroppgåvene ulike, men fellesnemnar for alle fire er fokuset på meistring og myndiggjering.
Høgskulen i Volda er mellom dei fremste i landet når det gjeld studentmobilitet. Dei siste semestra har talet på innreisande Erasmus-studentar til Volda nærast eksplodert og gjetorda om Volda som studiestad spreier seg over Europa. Sist veke var høgskulelektor Sissel Midtlid, førstelektor Thomas Lewe, internasjonal koordinator Kjell Holby og leiar av internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen inviterte til Tsjekkia og Polen til fem av samarbeidspartnarane.
Institutt for sosialfag og førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda arrangerer seminaret ”Saman om omsorg for barn” – forkorta til SOM-seminaret 2009. Høgskolelektor Anne Marie Verpe fortel at arrangementet er lagt opp som fagdagar for studentar over fire dagar. – Seminaret vekslar mellom faglege innlegg ved representantar både frå praksisfeltet og høgskulesektoren, og gruppearbeid for deltakarane.
Ingrid Børretsen er i kantina og les. På onsdag er det siste eksamen i friluftsliv, og ein skriftlig eksamen på seks timar ventar før ho kan ta juleferie. Sjølv er ho roleg og har lada opp med eit par dagar på ski. – Eg har lært meg å sile ut det pensumet som er viktig og eg synest å ha god kontroll denne gangen, seier ho med eit smil.