Har inngått samarbeid med musikkgiganten Roland
Musikkteknologi er eit nytt studium ved høgskulen, og for å tilby studentane eit godt opplegg har Musikkutdanninga ved Avdeling for kulturfag investert i både nytt undervisningsrom og nye datamaskiner.
– Det nye rommet har nok arbeidsplassar til alle studentane på studiet, noko som letta arbeidssituasjonen til både studentane og dei tilsette. På denne måten kan vi undervise på storskjerm, medan studentane får prøve seg på sine eigne skjermar, fortel høgskulelektor i musikk, Svein Hunnes.
NYTT UNDERVISNINGSROM: Det nye undervisningsrommet lettar arbeidssituasjonen for både studentane og dei tilsette.
Grunnleggande innføring
Studiet tek føre seg grunnleggande innføring i Roland sine programvarer. Først og fremst er dette eit tilbod for alle musikkstudentar, samt studentar ved Media, IKT og design som kan ta studiet som valfag.
– Det er veldig spennande at vi kan samarbeide med musikkmiljøet, fortel lærar ved Media, IKT og design, Torbjørn Frantsen.
GLER SEG TIL Å FORTSETTE SAMARBEIDET: Christina Andersen (musikkstudent), Svein Hunnes (høgskulelektor i musikk), Torbjørn Frantsen (lærar ved MID), Thomas Revheim og Mikael Westbø (musikkstudent).
Thomas Revheim arbeidar i Roland Scandinavia, og han fortel at det er kjekt å kunne samarbeide med Høgskulen i Volda.
– Det er alltid spennande å kunne samarbeide med utdanningsinstituasjonar som Høgskulen i Volda, fortel Revheim.