Vårens vakraste eventyr

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Kvar vår er det store rekrutteringskampanjar for å informere om dei ulike studietilboda som finnest. Vi treng no dyktige studentar til å hjelpe oss i dette arbeidet, og kanskje du er den rette?

Messer og skulebesøk
Høgskulen i Volda bruker å delta på fleire utdanningsmesser i dei store byane, i tillegg til studieorienteringar på vidaregåande skular i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Alt skjer i januar og februar.

Opplæring i forkant
Som studentambassadør skal du fortelje om korleis det er å vere student i Volda. Ambassadørane får opplæring før rekrutteringsperioden tar til og det blir gitt innføring i studieportefølgjen vår. Vi ønskjer både gutar og jenter, og vil ha ei blanding av ulike studieretningar.

9a981310bc0d817d16a901204ac15b5d11838457
STUDENTAMBASSADØR: Paal og Eirin var to av ambassadørane som reiste rundt og fortalde om Volda og studietilboda ved høgskulen. (Foto: Kib & Morits)

Glad for å kunne hjelpe
I fjor var tolv studentar med på messer og skulebesøk. Ein av dei var Eirin Sørensen Røkke. Ho er soleklar på at dette var noko ho gjerne er med på igjen.
– Eg fekk snakke med mange menneske og fortelle om skulen og Volda. Ein ting var å snakke med dei som kom direkte bort til oss og visste kva dei ville studere. Det aller beste var likevel når eg fekk auge på ein som var litt stille i vennegjengen og ikkje torde å stille spørsmål, eller sa «huff, eg veit ikkje kva eg vil bli».  Etter å ha snakka litt fann vi nokre studium som kunne freiste! Det var utruleg kjekt å sjå litt håp i augene deira då, for eg veit sjølv korleis det var å ikkje vite kva ein ville studere, fortel ho.

Lærerikt
Saman med Arne Christian Ingvaldsen, som også var ambassadør, er Eirin klar på at dette var ein lærerik jobb.
– Eg lærte å være åpen og ærlig. Dersom vi ikkje hadde det tilbodet personen var på jakt etter, hjelpte vi vedkomande å finne riktig stand. Eg lærte også å snakke med alle typer menneske, og grave litt for å finne ut kva dei ville. Eg fekk også fronta høgskulen og alt som vesle Volda har å tilby, utdjuper Eirin.
– Eg lærte noko ein ikkje kan lære frå ei bok eller førelesing. Dette er noko som ein rett og slett må oppleve, og det var akkurat det som svar så spennande med denne jobben, seier Arne Christian.

Kvifor vere med?
Arne Christian meiner dette er noko for alle Volda-studentar.
– For ein lærarstudent vil dette vere god øving i å snakke framfor eit publikum eller klasse, for ein PR-student er dette gull verdt. Her får du ein smakebit på korleis arbeidslivet ditt vil bli. For studentar frå barnevern og sosionom får du erfaring med å prate med mange forskjellige type menneske, frå ulike bakgrunnar. Felles for alle er at ein kan hjelpe elevar som står ved eit vegskille og treng råd for å velje vegen vidare i livet, fortel han og legg til: Det viktigaste er likevel du har lyst å vere ein representant for høgskulen og likar å kome i kontakt med andre menneske. Du bør også vere utadvent like å smile og å jobbe tett saman med andre.

Praktisk informasjon
• Det vil alltid vere to studentar saman.
• Høgskulen dekkjer flyreise, overnatting og ordnar med bil.
• Arbeidet er lønna, i tillegg til at det blir utbetalt kostgodtgjersle.
• På messene riggar studentane opp standen til Høgskulen med møblar, informasjonsmateriell og video. Kvar messe varer i to til tre dagar.
• På studieorienteringane på dei vidaregåande skulane blir det vist ein film om Høgskulen i tillegg til at studentane fortel og svarer på spørsmål i klasserom. På studieorienteringane er det ønskjeleg at dei som er ambassadør deltek ei veke, måndag til fredag.

Meir informasjon
Send ein e-post til Birgitte Bøen på e-postadresse [email protected].

Framsidefoto: Arnstein og Magdalene på stand. Foto: Kib & Morits.

Del på