Studentsørvis

  • Slik får du toppkarakter

    Publisert

    Fredag 28. september får du gode råd om korleis få meir fritid samtidig som du oppnår toppkarakterar. Studenttinget har invitert ToppkarakterSystemet til Volda for å dele strategiane, taktikkane og teknikkane for dei gode karakterane. Grunna avgrensa plassar er det påmelding.

  • Headhunta til ny dokumentarserie

    Publisert

    Når NRK no startar serien Mitt liv, står fleire personar frå Høgskulen i Volda sentralt i produksjonen. Både førstelektor Pål Aam ved Avdeling for mediefag, samt to tidlegare dokumentarstudentar, deriblant Hilde Ranheim, blei førespurt om dei ville vere med på prosjektet.

  • Studiestart for vidareutdanning i aktiv omsorg

    Publisert

    Sist veke var det studiestart for vidareutdanning i aktiv omsorg: «Musikk i målretta miljøarbeid». Leiaren ved Institutt for sosialfag Hallgerd Conradi og dei fagleg ansvarlege, Øystein Salhus (Avdeling for kulturfag) og Anne-Sofie Egset (Avdeling for samfunnsfag og historie), kunne ønske 18 nye studentar frå Averøy, Aure, Kristiansund, Molde, Ålesund, Herøy, Ørsta og Volda velkomne.

  • Forskingsdagane 2012

    Publisert

    Programmet for Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda er klart! Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival som er lagd til siste veka i september. Forskingsdagane har dei siste åra hatt meir enn 1000 arrangement over heile landet og blir i år arrangert for 18. gong.

  • I kø for å sikre seg Volda-studentar

    Publisert

    Kvar vår reiser nær 80 mediestudentar i ekstern praksis. For å sikre seg Volda-studentar til praksisperiodane, står fleire bedrifter i kø. Denne veka var Monster, TV2 og NRK på besøk. – Vi er her for å finne morgondagens tilsette. Studentane frå Volda er førstevalet, var ein av kommentarane.

  • Seminar: Klosteret på Selja – i Norge og i verda

    Publisert

    Alle som har kunnskap om og interesse for mellomalderhistorie generelt og klosterhistoria på Selja spesielt er inviterte til seminaret «Klosteret på Selja – i Norge og i verda» på Selje laurdag 8. september. Arrangør er prosjektet «Fylkeshistoria for Sogn og Fjordane», Den norske historiske foreining og Klosterakademiet i Selje.

  • Samarbeider om direktesende førelesingar

    Publisert

    Fredag fekk studentar ved fire ulike høgskular følgje same førelesning.
    – Eit heilt nytt pilotprosjekt med ny undervisningsteknologi, fortel Pål Hamre, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda.

  • StudiebygdA søkjer etter prosjektleiar

    Publisert

    Volda kommune har i samband med Kommunal- og regionaldepartementet fått midlar til prosjektet StudiebygdA – kompetanse og kulturklynga på Møre. StudiebygdA skal styrke Volda og regionen si evne til rekruttering og utvikling av kompetanse, ved å bygge kulturell og sosial integrasjon og soleis medverke til å styrke regionen si berekraft. No treng dei ein dugande prosjektleiar.

  • Konsert med Steve Dobrogosz

    Publisert

    17. og 18. november skal Høgskulekoret og Ålesund strykekvartett halde konsert saman med jazzpianisten Steve Dobrogosz.
    – Vi held konsert i Ålesund og i Volda, fortel Elizabeth Oltedal, dirigent for Høgskulekoret ved Høgskulen i Volda .

  • Frå ide til produkt på 24 timar

    Publisert

    Studentar på andre året i grunnskulelærarutdanninga har denne veka fått opplæring i organisering og avvikling av programmet Gründercamp. Åtte bedrifter gav studentane oppdrag som skulle løysast i løpet av 24 timar. Dette resulterte i mellom anna slagord, reklamefilmar og ein nøkkelring.