Fjerde utgåve av «Livssyn»
Forfattaren presenterer dei viktigaste livssynstradisjonane som gjer seg gjeldande i dag, først kristendommen, så dei sekulære livssynsperspektiva humanisme og naturalisme, og til sist nokre nyreligiøse perspektiv. Livssynsfenomenet blir diskutert og sett i lys av både historisk utvikling og aktuelle samfunnsforhold.
Boka er særleg aktuell i lærarutdanning og universitetsstudiar innanfor RLE og religion og livssyn. Ho vil også kunna høva for ulike profesjonsstudiar, der ein treng ei elementær innføring om ulike livssyn, menneskesyn og etiske perspektiv.
Per M. Aadnanes.
Per M. Aadnanes (f. 1944) er professor i systematisk teologi ved Høgskulen i Volda. Han er dr. philos. på ei avhandling om "New Age, Det nye tusenårsriket" (1997). Fleire av bøkene hans handlar om livssyn og livssynsdebatt, som "Livssyn" (2002, 3. utg.), "Frå moderne vantru til ny religiøsitet" (1988) og "Gud for kvarmann" (2008).