Psykologikonferanse med Otto Kernberg
Otto Kernberg er professor i psykiatri ved Cornell University i New York, og dei akademiske prestasjonane hans er formidable. Han har motteke ei rekkje prisar i psykiatrien, og har vore forfatter i tolv bøker og medforfattar av elleve andre.
I introduksjonen før forelesinga i Volda i dag vart professor Kernberg omtala som ein fagperson med intellektuell og klinisk nysgjerrighet og som ein av dei leiande tenkjarar i psykiatri og psykoanalyse. Han er også den mest siterte psykoanalytikar i verdslitteraturen.
Dei seinare åra har Kernberg mellom anna arbeidd med kliniske og terapeutiske problemstillingar knytt til aggressivitet ved borderline personlegdomsforstyrring. Dette er eit klinisk svært vanskeleg og viktig tema, og vil vere fokus for denne fagkonferansen.
Tema for fagkonferansen:
* Hatets psykopatologi.
* Kliniske dimensjonar ved masochisme i borderline personlegdomsforstyrring.
* Å forstå aggresjon i personlegdomsforstyrringar.
- Ei tilnærming til overføringsprosessar.
- Ei tilnærming til strukturendring og styring av aggresjon i institusjonssamanheng.
* Kliniske tema: Projeksjon, projektiv identifikasjon, motoverføring og institusjonsbehandling.
Godkjenningar
* Allmennmedisin: godkjennes med 6 valgfrie kurspoeng til videre- og etterutdanning.
* Psykiatri: godkjennes med 6 timer som valgfritt kurs for leger under spesialisering og for spesilistenes etterutdanning.
Les meir på www.hivolda.no/kernberg