Voldaforskarar skriv bok om kvalitet i opplæringa

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Boka gir eit breitt bilde av verksemda i skulen, av det elevar og lærarar held på med og av korleis dei ulike aktørane vurderer det som går føre seg på mange ulike område. Undervisninga i faga engelsk, matematikk og norsk får særleg merksemd.

Forskingsarbeidet gir eit godt grunnlag for å få innsikt i kva skule går ut på. Resultata er sentrale for å vurdere kvalitetane ved skulen, og gir eit utgangspunkt for å diskutere kva som eventuelt bør gjerast for å skape den skulen vi gjerne ville ha.

Undersøkinga viser at det er store variasjonar og ulikskapar både innom og mellom skular på dei områda som er undersøkte. Eit heilt sentralt resultat er den store vekta på elevaktive arbeidsformer. Dei gir spesielle utfordringar når det gjeld å meistre elevmangfaldet og gi ei god opplæring som høver for alle elevar. For å lukkast med det er læraren og lærarkompetansen særs viktig.

b73fd7acf1e667820ee6a6d369c5d1d2adb20cc5

Boka er skriven for forskarar, lærarutdannarar, lærarar, studentar og andre med interesse for skulen.Peder Haug har leia undersøkinga og redigert boka.

Innhald

1. Kvalitet i opplæringa av Peder Haug
2. Rammer og prioriteringer i skolens kvalitetsarbeid av Kari Bachmann og Irene Bele
3. Aktivitetane i klasseromma av Peder Haug
4. Åleine eller saman? Ein studie av arbeidsmåtar i norsk, matematikk og engelsk av Bjørg Olsen Eikrem, Birgitte Fondevik Grimstad, Frode Opsvik, Leif Bjørn Skorpen og Arne Kåre Topphol
5. “Betre å vere stor enn liten” Korleis elevane opplever engelskfaget, sett i lys av arbeidsmåtane som vert nytta av Bjørg Olsen Eikrem
6. «Da klokka klang …» – Om timesignaturane til matematikk og naturfag av Arne Kåre Topphol
7. Om kvalitetar ved matematikkundervisning av Frode Opsvik og Leif Bjørn Skorpen
8 Tilpassa opplæring slik lærarar, elevar og føresette opplever det av Grete Dalhaug Berg
9. Kåll og fårikål – om flerspråklige elever i individuelt og kollektivt arbeid av Birgitte Fondevik Grimstad og Randi Myklebust
10. Hva er spesielt med spesialundervisning – slik lærere ser det? av Irene Velsvik Bele
11. Elevbok i matematikk på ungdomssteget, ein del av læringsprosessen? av Hilde Opsal
12. Sosial bakgrunn i heim og skule av Lidveig Bøe
13. Korleis er kvaliteten i opplæringa? av Peder Haug

PEDER HAUG (red.): KVALITET I OPPLÆRINGA. ARBEID I GRUNNSKULEN OBSERVERT OG VURDERT. PEDAGOGIKK | ISBN: 9877252180541 | 296 sider | Pris kr 389,-

Del på