Musikk i demensomsorga

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Seminaret markerer fullføringa av eit forskingsprosjekt som har som mål å kvalifisere personalet i omsorgstenestene til å bruke musikk i kvardagen.
- Seminaret markerer stutten på dette prosjektet, seier musikkterapeut og prosjektfagleg koordinator for Avdeling forkulturfag ved Høgskulen i Volda, Øystein Salhus.
- Men, vi håpar det blir mange sluttar på tilsvarande prosjekt i åra som kjem.
Saman med koordinator for Institutt for sosialfag, Anne-Sofie Egset har Salhus vore pådrivar for forskingsprosjektet, som har blitt gjennomført i nært samarbeid med sjukeheimar i Ålesund, Herøy og Volda.

e64c46c7256b41608ebc785c34a2fc8417c94361


Aud Folkestad, dekan ved Avdeling for kulturfag, opna dagen med høgtlesing og heider til eit positivt samarbeid, ikkje berre mellom to avdelingar ved høgskulen i Volda, men også to fag- og praksisfelt som har mykje å lære av kvarandre.

Gjesteforelesar og musikkterapeut ved NKS Olaviken alderspsykiatrikske sjukehus, Solgunn E. Knardal ga seminaret ein energisk og god start med gitar og eit knippe songar ho nyttar i sitt dagelege virke. Etter lunsj heldt ho eit innlegg med tittelen «Min hukommelse er utmerket! …så sant jeg husker, da!»

Merethe Vadstein Welle jobbar som spesialpedagog i musikk ved musikklinja på Kongsbakken vidaregåande skule og har gjennom Tromsø Kulturskole blitt involvert i eit prosjekt som vart starta hausten 2011. Prosjektet heiter Prosjekt Stimuli, og målet for prosjektet er at demensramma ved Sør-Tromsøya sykehjem skal ha eit tilbod som kan stimulere og gi gode opplevingar i kvardagen. I dag hadde ho teke turen frå Tromsø til Volda med sitt innlegg «Det glemte nuet»

- Dette er eit «vinn- vinn» prosjekt på fleire måtar, seier instituttleiar ved sosialfag, Hallgerd Holt Conradi. Ho framhever at dette er eit initiativ som kjem frå feltet sjølv og der høgskulen får vere med å bidra til at det vert utvikla ny kunnskap i nærleik med brukarane. - Det er og eit viktig prosjekt for skape nye dimensjonar i  kvardagen for brukarane, for livskvalitet, meistring og ivaretaking av identitet.  For tenesteutøvarane vert denne type aktivitetar også meiningsskapande, ettersom dei og får ta i bruk sider ved seg sjølv som skaper annan nærleik i samhandlinga med brukarane. Og for oss som høgskule er det viktig å prøve ut slike former og sjå korleis dette er kunnskap som og kan verte  implementert i andre studietilbod.  Fokus  på sosiale og kulturelle aktivitetar  og handlemåtar er viktige perspektiv for yrkesutøvarar  som  rettar seg mot sårbare grupper i samfunnet, seier ho.

Les meir om seminaret på www.hivolda.no/musdem 

Del på