Ny kunnskap om NAV og sosialarbeidarrolla
I den nye utgåva av boka "Organisert velferd" gir førstelektor Alf Roger Djupvik ved sosialarbeidarutdanninga ved Høgskulen i Volda og førstelektor Magne Eikås ved Høgskulen i Sogn og Fjordane greie for korleis nyare reformer, som NAV-reforma, skaper utfordringar for tenesteytarar og brukarar i offentleg sektor.
Boka har ei rekkje døme som er henta frå kvardagen til helse- og sosialarbeidarar. Dei skriv mellom anna om korleis sosialarbeidaren opplever og handterer krysspress mellom faglege vurderingar og byråkratiske strukturar, mellom leiinga i organisasjonar på den eine sida og klientar/brukargrupper på den andre.
Boka gir elles ei generell innføring i organisasjonsteori: kva kjenneteiknar ulike typar organisasjonar, og korleis fungerer desse? Omgrep som mål, sosial struktur, teknologi, deltakarar og omgivnader vert forklart og drøfta. Boka inneheld også ein brei presentasjon av frivillige organisasjonar og korleis desse samhandlar med offentlege styresmakter.
Les meir om sosialarbeidarutdanninga ved Høgskulen i Volda