Mediefag

  • MID-studenter lager Web-TV fra skiskytings-NM

    Publisert

    Studenter fra Bachelorgradsstudiet i Media, IKT og design ved Høgskulen i Volda lager Web-TV for NM i skiskyting. Du kan se webstreaming fra arrangementet i Stryn mellom 25. - 30. mars.

  • Besøk frå Hawai'i Pacific University i dag

    Publisert

    - I dag onsdag 26. mars får Høgskulen i Volda besøk frå ein av våre eksotiske utvekslingspartnarar, Hawai'i Pacific University, melder Internasjonalt kontor. Lillian Hallstrøm er visedirektør for internasjonale relasjonar, og kjem til Volda for mellom anna å møte studentar og fagmiljø.

  • MID-studentar nyttar humor og kreativitet

    Publisert

    Audun Hepsø (23) og Erlend Viken (25) er begge frå Trondheim og studentar på Media, IKT og design. Som ein del av studiet har dei valt prosjektfag med oppgåve å marknadsføre Avdeling for kulturfag (AKF). Dei to studentane er kreative og manglar slett ikkje idear og initiativ!

  • Teikneserieskapar og høgskulelærar

    Publisert

    Torbjørn Lien er teikneserieskapar og høgskulelærar ved animasjonsutdanninga ved Høgskulen. Han er kjend for teikneserien Kollektivet, og er i desse dagar ute med albumet ”Blacktööth - In Sorte Ridiculi”.

  • Firda vidaregåande i Studio 3

    Publisert

    Elevar frå Medium og kommunikasjonslinja ved Firda vidaregåande skule i Sogn og Fjordane vitja torsdag og fredag høgskulen for å øva seg på avvikling av fjernsynssendingar. Etter å ha sett fjernsynsstudentane ved journalistutdanninga under Nærsynet- sendinga torsdag, fekk dei fredag sjølve prøva seg bak og framfor kamera.

  • Musikar med miljøbodskap og utmerkingar på Minimalen og P3 Urørt

    Publisert

    Erlend Viken (25) er student og går 3. året på Media, IKT og design. Han har drive med musikk heile livet, og i januar-05 gjekk han solo under namnet Soup. Erlend har alt gitt ut to plater og den tredje er på veg. Nokre kjenner han kanskje att som aktiv miljøforkjempar, og miljø tek han også omsyn til i den kommande plateutgivinga.

  • Nettsatsing for journaliststudentane

    Publisert

    Måndag 18. februar starta journaliststudentane ved høgskulen åtte veker internpraksis. Dei to første vekene står nettpublisering på programmet for alle radio-, fjernsyns- og avisstudentane. Stian Fjelldal frå Nettavisen er alt på plass i nettredaksjonen for å vurdera arbeidet deira.

  • Studentradioen går på scena

    Publisert

    Laurdag 16. februar inviterer Volda Studentradio til Rokken i Live for tredje år på rad. Dei ulike redaksjonane i studentradioen står
    for underhaldninga denne kvelden.

  • Turboveke for informasjonsstudentane

    Publisert

    Neste veke skal avgangsstudentane ved Bachelorgradsstudiet i informasjon og media ved Høgskulen i Volda ut i eksternpraksis. Som ein siste innspurt har dei denne veke ei turboveke der dei mellom anna lagar nett- og papiravisa Svela.

  • Politisk natt med Radio Volda

    Publisert

    Natt til onsdag 6. februar blir det valsending på Radio Volda. Då har kanalen ei eiga sending om det amerikanske presidentnominasjonsvalet. Sendinga varer frå 1 til 4 om natta og kan høyrast på FM-frekvens 104,5 over heile Søre Sunnmøre.