Ivar Aasen instituttet

  • Ny forsking om vilkåra for nynorsk mellom barn og unge

    Publisert

    I eit nytt nummer av skriftserien «Skriftkultur» undersøkjer 13 forskarar vilkåra for nynorsk mellom barn og unge frå ulike vinklar og på ulike tidspunkt i livet, frå barnehage til studentliv. For studentar, forskarar og andre som er opptekne av dette viktige forskingsfeltet.

  • Fire millionar til digitalisering av Norsk Ordbok

    Publisert

    Kulturdepartementet har gitt Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen ei løyving på fire mill. kroner til digitalisering av Norsk Ordbok. – Nynorsk skriftkultur og formidling er eit strategisk viktig område for Høgskulen i Volda, seier førsteamanuensis Stig Helset ved Institutt for språk og litteratur.

  • Svenn-Arve Myklebost

    Redaktør bak spesialutgåve om Shakespeare

    Publisert

    Førsteamanuensis Svenn-Arve Myklebost har som redaktør gitt ut ei ny utgåve av tidsskriftet for EMCO (Early Modern Culture Online). Det nye nummeret dekker eit breitt spekter av tema, frå digital didaktikk til bruk av drama som/i undervisning.

  • Tverrpolitisk støtte til digital ordbok

    Publisert

    Politikarane i Møre og Romsdal støttar planane om ei digital ordbok som eit fellesprosjekt mellom Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda. Vilkåret er at det fører til fleire faglege stillingar ved Høgskulen i Volda.

  • Verdfull boksamling til Volda

    Publisert

    Professor emeritus Oddvar Nes, som gjekk bort i september i fjor, lét etter seg ei svært verdfull og innhaldsrik privat boksamling på om lag 5000 bøker. No skal Høgskulen i Volda i samarbeid med Universitetet i Bergen forvalte denne bokskatten.

  • Utviklar ein heilt spesiell digital ressurs

    Publisert

    Svenn-Arve Myklebost og Timothy Saunders, førsteamanuensisar i engelsk, følte dei brukte for mykje av undervisningstida si på å lære studentane grunnleggande ferdigheitene innanfor lesing og tolking av litteratur. Difor lagar dei no ein digital ressurs som skal løyse utfordringa.

  • Historisk professor ved høgskulen

    Publisert

    Marie Nedregotten Sørbø er tilsett som Høgskulen i Voldas første professor i engelsk. Ei viktig hending for høgskulen i ei tid der det vert stilt stadig høgare krav til kompetanse.

  • Nytt studietilbod: Nynorsk i opplæringa 8.-13. årssteg

    Publisert

    – Det er flott at dette nye studietilbodet kom med i vidareutdanningsprogrammet «Kompetanse for kvalitet», seier fagansvarleg Anne Steinsvik Nordal. Dette vil styrkje eitt av dei nasjonale satsingsområda til Høgskulen i Volda som er nynorsk i utdanning, forsking og formidling.