Mediefag

  • 40 år sidan den sovjetiske invasjonen av Tsjekkoslovakia

    Publisert

    Tidligare utanrikskorrespondent og utanriksmedarbeidar i Aftenposten, Per Egil Hegge held opne dobbeltførelesingar om norske utanriksjournalistikk og om den sovjetiske invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968 førstkomande onsdag ettermiddag, melder førstelektor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag.

  • Seminar om menneskerettar og journalistikk

    Publisert

    Laurdag 20. oktober kjem Amnesty til Volda for å ha eit seminar om menneskerettar og journalistikk, og då særleg relatert til OL i Kina. Arrangementet vert halde på Rokken frå klokka 10.00 og er ope for alle. Utanrikskorrespondent Phillip Lote vil vere ein av innleiarane.

  • Journalistikkstudiet ved Høgskulen i Volda held høgt fagleg nivå

    Publisert

    Revideringa av bachelorgradsstudiet i journalistikk ved Høgskulen i Volda vart avslutta i juli. Studiet oppfyller alle NOKUT sine krav til akkreditering av studium på lågare grads nivå. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) konkluderer med at de dokumenterte resultata er tilfredstillende.

  • Synnøve Hole presenterer media sitt arbeid i krisa

    Publisert

    NRK-journalist Synnøve Hole er innleiar på seminaret ”Krisekommunikasjon i praksis” torsdag 4.10 denne veka. Seminaret handlar om å planlegge for og evaluere etter ein krisesituasjon, og brukar Bourbon Dolhpin-ulykka som utgangspunkt. Ho vil presentere den første rapporten som var sendt i Kveldsnytt og dei første timane etter ulykka.

  • Halvorsen sin dokumentar kåra til beste nordiske

    Publisert

    Line Halvorsen sin film USA mot Al-Arian vart kåra til beste nordiske dokumentarfilm medan kortfilmen Kompisar av Magnus Mork mottok SF's Nordic Talent Award under Nordisk Panorama. Line Halvorsen er tidlegare student ved fjernsyn- og dokumentarfilmstudiet ved Høgskulen i Volda.

  • Open førelesing med Egil Johan Ree

    Publisert

    I samband med programmet for Internasjonal Mediehistorie held Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda ei open førelesing der Egil Johan Ree vil ha eit foredrag om Mai-opprøret i Frankrike 1968, og hans perspektiv på utanriksjournalistikken. Førelesinga går fredag 28.9 kl. 12.15.

  • Miniseminar i Volda: ”Krisekommunikasjon i praksis”

    Publisert

    Torsdag 4. oktober vert det arrangert eit miniseminar med tittelen ”Krisekommunikasjon i praksis" ved Høgskulen i Volda. Arrangementet er eit samarbeid mellom Kommunikasjonsforeningen Møre og Romsdal og Informasjonsutdanninga ved Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda.

  • Kva er vitsen med journalistikk?

    Publisert

    Avdeling for mediefag inviterer til dagsseminar om journalistikkens samfunnsrolle i samarbeid med Forskingsdagane 2007. Onsdag 26. september frå kl. 09.00-16.00 kan ein høyre 16 innlegg - dei fleste på 30 min, og med grunnlag frå eit forskingsprosjektet om journalistikkens samfunnsrolle som avdelinga er engasjert i fram til 2010.

  • USA Today-journalist og amerikansk professor føreles i Volda

    Publisert

    Tysdag 18.9 held Andrea Stone, journalist i USA TODAY og W. Joseph Campbell, professor ved American University kvar sine gjesteførelesingar om media og det amerikanske samfunnet i dag. Førelesinga er i Aasen-auditoriet, og er open for alle.