Turboveke for informasjonsstudentane

Neste veke skal avgangsstudentane ved Bachelorgradsstudiet i informasjon og media ved Høgskulen i Volda ut i eksternpraksis. Som ein siste innspurt har dei denne veke ei turboveke der dei mellom anna lagar nett- og papiravisa Svela.

- Målet med ei slik turboveke er å leggje eit enda betre grunnlag for arbeidet mange av studentane skal utføre i praksisperioden. Studentane får høve til å prøve seg som både redaktør, journalist, teknisk ansvarleg og fotograf, seier praksisansvarleg Jens Standal Groven.

Papiravisa "Svela" er å finne rundt om på høgskulecampus, medan nettavisa "Nettsvela" verte publisert fortløpande. Les nettutgåva her

Del på: