MID-studentar nyttar humor og kreativitet
Dei to studentane har arbeida dag og natt med prosjektet, ogbobler av energi og gode idear. Audun og Erlend studerer Media, IKT og design, som er eit 3-årig studium med fordjuping i media og IKT med vekt på design og pedagogikk.
- Det heile starta med at vi kunne velje prosjektfag. Dette er eit nytt emne, og vi måtte søkje for å delta. Ved studiestart fekk vi utdelt ei liste over ulike prosjekt vi kunne vere med på, og vi valte då marknadsføring av Avdeling for kulturfag. Vi har hatt eigne rettleiarar ved AKF og dialog med Informasjonskontoret som rettleia oss med omsyn på grafisk profil og liknande, seier Audun
AKF skal gjenspegle kreativitet.
Prosjektet starta i januar-08, og i mars byrja ideane å ta form. Audun og Erlend har hatt eit semester på å fullføre prosjektet, og skal etterkvart flettast inn i ei bacheloroppgåve.
- Vår idé består mellom anna av å nytte ein stor grad av humor. Det er ei surrealistisk samanslåing av alle fagretningane, og det er mange, ca. 10 hovudområde innan kulturfag. Vi har skapt eit visuelt bilete av alle tilboda ved hjelp av to reklamefilmar som visast på nettet, kino, TV, storskjermar og liknande, ein biletserie, plakatar, kort og faldar. Under prosjektet har vi sjeldant hatt meir enn ein fridag i veka, og på nokre filmkveldar var vi ferdig først kl. 02.00 om natta, seier Erlend.
Dei to er samde om at avdelinga trengde ny profil, for den var kjedeleg slik den har vore.
- Avdeling for kulturfag skal gjenspegle den kreativiteten som er i miljøet. Det er svært positivt at avdelinga vel å satse på studentkrefter, for det viser at dei er klar over potensialet og ideane som er i studentgruppa, tilføyer Erlend.
Så langt har dei berre fått positive tilbakemeldingar. Dei er nesten litt overraska over å ikkje ha møtt ein einaste vegg enno. Medstudentar har stilt opp som skodespelarar og vaktmeistarar, og dei fagansvarlige har vore til stor hjelp med rekvisita og liknande. Utstyr har dei fått låne med Høgskulen.
- Det har vore mykje arbeid. Vi har lært veldig mykje, og fått bruke alt vi har lært gjennom studiet, mellom anna foto, filmredigering, strategisk design, animasjon og musikk, seier Audun.
- Det einaste eg skulle ønske, er at eg kunne meir om er regissering. Vi kan mykje om det tekniske med film, men det å instruere gode idear til andre er utfordrande. Vi hadde mellom anna innspeling i symjehallen – eg iført berre ei badetruse, og Audun sveitt og med hovudverk- kor vi skulle halde styr på eit orkester og ei symjande ballerina i to timar. Det var utfordrande nok, seier Erlend med eit smil.
Her kan du sjå nokre av resultata frå prosjektet:
Takksame for god hjelp
Audun og Erlend er glade for all hjelp dei har fått frå medstudentar, vaktmeistrarar, fagansvarlige og administrasjon, og skulle gjerne vore fleire arbeidarar. Dei måtte sjølve ordne det praktiske og legge til rette for produksjon, og slikt tek mykje lenger tid enn ein trur.
- Vi avtalte med skodespelarane å møte kl. 21.00 for filming, og trudde vi skulle vere ferdig å rigge utstyr til den tid. Det enda med at skodespelarane måtte vente i 1. time. Neste gong skal eg lage sjekkliste og rekne ekstra med tid, seier Erlend.
Frrå innspelinga av den eine filmen med ballerina og orkester i symjehallen.
I studieplanen kan du lese meir om bachelorgradsstudiet Media, IKT og design, og detaljert emneplan for studiet finn du her.