Firda vidaregåande i Studio 3
Elevar frå Medium og kommunikasjonslinja ved Firda vidaregåande skule i Sogn og Fjordane vitja torsdag og fredag høgskulen for å øva seg på avvikling av fjernsynssendingar. Etter å ha sett fjernsynsstudentane ved journalistutdanninga under Nærsynet- sendinga torsdag, fekk dei fredag sjølve prøva seg bak og framfor kamera.
- Eit halvt minutt til sending! Kjem det frå regispakane. Spenninga i studio er til å ta og føla på. ”God påske Gloppen”, ei sending med og av tredjeklassingane frå Firda vidaregåande skule på Sandane, er straks i gang.
![]() |
Bak regispakane: Ine Gangeskar |
Stolt lærar
- 20 sekund! Roper lærar Geir Skagen. Han har sjølv vore student ved medielinja på Høgskulen i Volda og følgjer no spent med på elevane sine. Han berettar stolt at han har vore svært nøgd med innsatsen i dag og at dei som ikkje deltek denne sendinga, bidrog med "Vinter TV" tidlegare på dagen.
- Studentane mine er tøffe, mange av dei befinn seg framfor kamera for første gong!
Regi med kontroll
- 10 sekund!
Ine Gangeskar (bilete) køyrer regi på sendinga og har full kontroll. Ho var sjølv student ved medielinja på Firda vidaregåande i fjor og går no fjernsynslinja ved Dannevig folkehøgskule. Praksisperioden sin har ho brukt på å halda forelesningar for sine tidlegare medstudentar.
![]() | - Køyr vignett! Klar kamera 1! To – ein- værsågod! |
Påskesending med stil
Påskeprogrammet er i gang. Bak påskeappelsiner og Kvikk Lunsj står programleiarparet Birthe Berg Eide og Simen Solheim som ser ut til å trivast i sine roller. I løpet av den tjue-minuttar lange sendinga tek dei i mot gjestar og visar innslag klassen har laga dei to siste vekene. I tillegg let dei klassevenninna Hege Kveen sleppa til med påskenøtter og Elise Årdal lesa opp ei kort nyheitsoppdatering.
![]() |
Birthe Bergh Eide og Simen Solheim (18) er programleiarpar for "God Påske Gloppen" |
![]() |
Påskeprogrammet avsluttast med stil |
- Så flinke de er!
Ine er imponert over 18-åringane frå sin tidlegare skule. Skryt får elevane også av Steinar Høydal, høgskulelærar ved Avdeling for mediefag ved høgskulen.
- Her var det jo kun kjempebra overgangar, rosar han.
Blanda kjensler
Programleiarane Birthe og Simen tykkjer dagen har vore både kjekk og nervepirrande.
- Det aller kjekkaste var definitivt å stå framfor kamera, meddeler Birthe entusiastisk.
- Ja, også var det utruleg deilig når rulleteksten kom på skjermen og alt hadde gått bra, føyer Simen til.
![]() |
Ein nøgd tredjeklasse frå Firda vidaregåande skule etter sendingane er unnagjort |
Nysgjerrig på Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda? Les meir her
Journaliststudentane med fjernsynsspesialisering har sendingar kvar måndag, tirsdag og torsdag fram til 18. april. Dei kan du sjå via Nærnett.