- Vi har eit lite introduksjonskurs i norsk, men no ønskjer vi å læra meir, strålar Ivana Bisnjak (t.v.) og Lea Vidakovic. Dei har vore animasjonsstudentar ved Høgskulen i Volda sidan 2007, og skal vere her fram til 2009. - Dersom nokon i Volda eller omegn har lyst til å vere fadrar og lære oss norsk blir vi veldig glade, seier dei.