Kurs, konferanser og seminar o.l.

  • Stor interesse for «Ut i jobb-dagen» 2012

    Publisert

    Måndag 23. januar arrangerer Høgskulen i Volda (HVO) «Ut i jobb-dagen» 2012. Dagen er tenkt som ein møteplass for grunnskule- og førskulestudentar ved HVO og arbeidsgjevarar innanfor skule- og barnehagesektoren i regionen. – Det er eit stort behov for kvalifisert arbeidskraft i barnehage og skule regionalt og nasjonalt, så studentane våre er attraktive på arbeidsmarknaden, seier studieleiar Odd Helge Mjellem Tonheim ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

  • Seminar om bibelomsetjing

    Publisert

    Komande torsdag vert det seminar i Ulstein kyrkje om den nye omsetjinga av Bibelen som kom i fjor haust. Dosent Jan Ove Ulstein ved Institutt for religion, livssyn og etikk ved Høgskulen i Volda vil snakke om sitt bidrag i dette prosjektet. Ulstein vil også gje eit innblikk i korleis arbeidsgruppa med mellom andre forfattarkollega Karl Ove Knausgård arbeidde med dei ulike språklege utfordringane.

  • Kommunikasjonsdagen Volda 2012

    Publisert

    Mandag 16. januar går arrangementet Kommunikasjonsdagen Volda 2012 av stabelen ved Høgskulen i Volda. Kommunikasjonsforeningens Studentlag i Volda arrangerer i sammarbeid med Høgskulen i Volda et seminar som er gratis for alle studenter og interesserte. Temaet er klima og kommunikasjon, og man har muligheten til å få med seg foredrag fra noen av de fremste på feltet i Norge.

  • TILLITSSKAPANDE TILTAK I DEMENSOMSORGA

    Publisert

    Tillitsskapande tiltak eller tvang i demensomsorga? Høgskulen i Volda og «Sjustjerna omsorg» inviterer til fagdag med Birger Lillesveen tysdag 10. januar på Høgskulen i Volda.

  • – Interessert i internasjonal publisering og forskarkontakt?

    Publisert

    – Forskarar som driv pedagogisk forsking bør vurdere å presentere forskingsarbeidet i forskarnettverket EERA Network 14: Communities, Families and Schooling in Educational Research, seier professor Rune Kvalsund ved Institutt for sosialfag.

  • Seminar: Har vi lærarutdanning i Volda om 20 år?

    Publisert

    Festsalen i Henrik Kaarstad-huset var fullsett under seminaret «Har vi lærarutdanning i Volda om 20 år?» – Den nye reforma og dei to nye grunnskulelærarutdanningane gir mange krevjande utfordringar. Eg vil likevel svare eit optimistisk ja på spørsmålet vi stiller i dag, sa dekan Arne Myklebust ved opninga av seminaret som vart arrangert i samband 150-årsjubiléet for lærarutdanninga i Volda.

  • Dramastudenter spiller Privattimen av Eugène Ionesco

    Publisert

    «Privattimen» er et absurd og tragikomisk teaterstykke som viser hvordan språket blir brukt som maktredskap. En kvinnelig elev blir drillet av sin mannlige lærer til å forholde seg til meningsløse banaliteter og uttale absurde læresetninger. Første forestilling blir i teatersalen i Kaarstad-huset onsdag 23. november kl. 1900. Publikum kan glede seg til en tankevekkende og intens teateropplevelse.

  • Lærarutdanninga i Volda er 150 år. Blir det nye 20 år?

    Publisert

    – Spørsmålet er ikkje berre retorikk, seier førsteamanuensis Kjell-Arild Madssen. Han ser mange krevjande og urovekkande utfordringar knytt til den nye lærarutdanninga. I samband med 150-årsjubileet lærarutdanninga i Volda inviterer difor utdanninga til seminaret «Har vi lærarutdanning i Volda om 20 år?» torsdag 24. november.Om kvelden blir det festmiddag.

  • Invitasjon: Skulering i avanserte pedagogiske forskingskingsmetodar

    Publisert

    – Stipendiatar og andre tilsette ved HVO som driv pedagogisk forsking, er i februar 2012 inviterte til Universitetet i Göteborg, saman med forskarar frå andre høgskular og universitet, til «Vårskule» i avanserte forskingsmetodar for årsaksanalyse, opplyser professor Rune Kvalsund ved Institutt for sosialfag.

  • Seminar om musikk og helse

    Publisert

    27, oktober blir det fokus på forsking og utviklingsarbeid innan Musikkterapifeltet. Det vil handle om kordeltaking for pensjonistar, arbeid med musikkterapi på sjukeheimar, Samfunnsmusikkterapi og lyrikk og musikk i spesialpedagogisk verksemd. Førelesningane er eit samarbeid mellom Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for kulturfag. På programmet står m.a. professor i musikkterapi ved Griegakademiet Brynjulf Stige PhD og lyrikar Geir Brekke