– Interessert i internasjonal publisering og forskarkontakt?
Det er forsking på
- forholdet mellom familie, skule og lokalsamfunn
- overgangar mellom ulike nivå eller fasar i skulen eller
- stadbasert og stadmedviten skule og komparative studiar av skule i spreiddbygde og tettbygde lokalsamfunn
som professor Kvalsund, fagleg leiar for dette forskarnettverket, meiner kan vere aktuelt å få publisert I EERA Network 14 eller i eitt av dei andre 27 forskarnettverka i EERA.
Konferanse i Cadiz
Kvalsund er også medlem i programkomiteen for den årlege EERA- konferansen i pedagogisk forsking (ECER), som i 2012 blir arrangert i Cadiz, Spania.
– EERA, European Educational Research Association og University of Cadiz, Spain, inviterer pedagogiske forskarar til å sende inn søknader om å få presentere forskinga si på den europeiske konferansen for pedagogisk forsking (ECER) i 2012. Konferansetemaet « The Need for Educational Research to Champion Freedom, Education and Development for All» vil vere fokus for hovud-førelesingar og andre inviterte innslag. Likevel er det ønskjeleg med forskingspresentasjonar frå alle område av det pedagogiske forskingsfeltet, seier Kvalsund.
Søknadsprosedyre
– Forskarar må sende søknaden til eit av dei 28 forskingsnettverka i EERA. Ein kan søke om ulike presentasjonsformer som til dømes paper, poster, roundtable, workshop eller symposium. For å unngå feilplassering av presentasjonen, er det viktig at ein les omtalen av forskingsfelta for det aktuelle nettverket og omtalen av dei ulike presentasjonsformene. Alle søknader må gå føre seg gjennom EERA sitt elektroniske søknadsopplegg, opplyser Kvalsund.
Oversyn over nettverk, søknadsprosedyre og aktuelle søknadsformat finn du her.
Viktige datoar
Emerging Researchers Conference: 17.-18. september
Hovudkonferanse: 18.- 21. september
Frist for å søke: 1. februar
Utfall av referee-vurderinga av søknaden: 1. april