Seminar: Har vi lærarutdanning i Volda om 20 år?
Elaine Munthe er med i «Følgegruppen for lærerutdanningsreformen» som er sett ned av Kunnskapsdepartementet (KD) for å følgje innføringa av dei nye grunnskulelærarutdanningane GLU 1-7 og GLU 5-10.
Munthe tok lærarutdanninga si Stavanger tidleg på 80-talet. Ho innleidde sitt innlegg med følgjande helsing: – For oss hadde lærarutdanninga i Volda ein spesiell «aura», og det er difor eit ekstra ærefullt oppdrag å ta del i dette 150-årsjubiléet.
Målsettingar
Elaine Munthe minte om tre viktige aspekt ved den nye lærarutdanningsreforma:
• Styrke fagleg djupne
• Styrke profesjonsrettinga
• Styrke forskinga. Det no m. a. krav om at studentane skal skrive ei bacheloroppgåve med vitskapsteori og metode
Når det gjeld innføringa av reforma, peika Munthe på følgjande observasjonar:
• Leiinga ved lærarutdanningane hadde blitt styrka (større muligheit for leiing)
• Samarbeidet mellom fag og mellom fag og praksis var styrka
• Omfattande revisjonar av studie- og emneplanar
Kva skjer når eitt studieprogram blir to?
– Lærarutdanningsinstitusjonane opplever at det er vanskeleg å oppretthalde den faglege breidda i utdanningane. Dette kan få konsekvensar for andre studium, som t. d. førskulelærarutdanninga, økonomien blir krevjande og reforma kan få konsekvensar for personalet, hevda Munthe.
Elaine Munthe kunne opplyse om at KD ikkje hadde forventa at så mange av institusjonane ville ha begge utdanningane.
Munthe trekte fram SAK (samarbeid – arbeidsdeling – konsentrasjon) som løysinga for mange lærarutdanningsinstitusjonar sjølv om ho såg at økonomimodellen og konkurransen mellom institusjonane ikkje alltid la tilhøva til rette for konsentrasjon.
– Kravet om større kvalitet i forskinga, meir robuste einingar, meir spesialisering, styrka konkurranseevne osv. vil føre til større einingar og konsentrasjon. Målet er gode lærarutdanningar som skaper gode vekst og utviklingsvilkår for barn og unge, påpeika Elaine Munthe.
UH-nett Vest
UH-nett Vest er eit formelt nettverkssamarbeid mellom fem institusjonar: Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda og Høgskolen Stord/Haugesund. Nettverket blei oppretta i 2008, og samarbeidsavtalen gjeld for fem år framover. Høgskulen i Volda ble medlem i april 2009.
Liv Reidun Grimstvedt er rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund.
– Institusjonane i UH-nett Vest har eit felles ansvar for å tilby begge grunnskulelærarutdanningane og alle fag. I dette ligg det ei arbeidsdeling og samarbeid. Samarbeid om forsking er uproblematisk. Utfordringane er eit for lavt tal på grunnskulelærarstudentar, breidda i fagvalet og økonomien, understreka rektor ved Høgskulen Stord/Haugesund Liv Reidun Grimstvedt.
Ho kom inn på utfordringane ved konsentrasjon i SAK, og ho skisserte konsentrasjon på ein annan måte i form av «storseksjonar», som er fagseksjonar som samarbeider om fag på tvers av institusjonane. Slik unngår ein konsentrasjon til lærestad med dei følgjene det får for tilsette og studentane.
Kampusbasert e-læring
– IKT kan opne for nye måtar å samarbeide og undervise på. Med denne teknologien kan fagfolk i Volda kan undervise studentgrupper på Stord. Slik kan den enkelte institusjon tilby fagleg breidde og fordjuping, sa ho.
Avslutningsvis brukte ho eit bilete frå det militære.
– Viss vi saman legg ein slagplan med strategiar og «taktisk omgruppering» av «troppene», trur eg at eg kan ønske lukke til med dei neste nye 150 år.
Videoar
Sjå professor Peder Haug sitt innlegg (video)
Sjå rektor Per Halse sitt innlegg (video)