Stor interesse for «Ut i jobb-dagen» 2012

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Møteplass for studentar og arbeidsgjevarar

Det er tydeleg at kommunane både i Nordfjord og Møre og Romsdal ser på arrangementet som ein viktig møteplass for rekruttering og for å skape interesse for skulen og barnehagen som arbeidsplass. Mellom dei som har meldt si interesse for å ta del, er både ordførarar, rådmenn, einingsleiarar med ansvar for rekruttering, rektorar og representantar frå arbeidsorganisasjonane.

dcb0913ffe2a99406d3050932aa239f867258aca

Lærarar og førskulelærarar er ettertrakta på arbeidsmarknaden.

– Det å skape ein møteplass mellom HVO-studentar og framtidige arbeidsgjevarar er ein veldig god og spennande tanke. Meir aktive partnarar er avgjerande viktig for å sikre rekruttering til læraryrket framover. Kommunane står overfor eit generasjonsskifte når det gjeld lærarar i skulen, og fleire enn høgskulen må ta ansvar for å sikre rekrutteringa, seier rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda.

f1740ec2e7b2187b699019842300e9ada6335216

Rektor Per Halse synest det er positivt at fleire samarbeider om rekruttering til læraryrket.

Positive

– Dei studentane vi har snakka med så langt, er svært positive til dette arrangementet. Dei synest det er spennande å få møte framtidige arbeidsgjevarar på denne måten. Eg vonar at så mange som råd møter opp denne dagen, seier studieleiar Mjellem Tonheim.

ebab1fad9c9968e0410c2120b69cb727468b7260

Studieleiar Odd Helge Mjellem Tonheim.

Seminar om rekruttering

«Ut i jobb-dagen 2012» den 23. januar er todelt. Dagen opnar med eit seminar for skuleeigarane. Seminaret set fokus på kva kommunane kan gjere for å sikre kompetanse og kvalifiserte lærarar og førskulelærarar framover.

Etter ei formell opning ved rektor Per Halse vert det først eit innlegg ved fagleiar i Kommunenes Sentralforbund (KS) Jan Sivert Jøsendal. Han vil snakke om gode grep for rekruttering, kompetanse og leiing i skule og barnehage.

Sølvi Lillebø Remøy, skulesjef i Herøy kommune, og Marianne Hojem Bye, rådgjevar i Møre og Romsdal fylkeskommune, følgjer opp med innlegg om korleis ein kan skape gode prosessar rundt dette med rekruttering av arbeidskraft.

Seminaret vert avrunda med innlegget «Korleis skaffe nok kvalifisert personell til skule og barnehage?» ved rådgjevar for GNIST-kampanjen Håkon Kavli frå Kunnskapsdepartementet/GNIST.

Messe og møteplass

Etter lunsj vert messeområdet i Berte Kanutte-huset opna for utstillarar og HVO-studentar. Dei ulike kommunane får eit godt høve til å presentere seg og informere studentane om kompetansebehov og snakke om kva dei kan tilby nye medarbeidarar. Høgskulen i Volda har om lag 400 studentar knytt til førskulelærarutdanninga, allmennlærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

GNIST

GNIST er ein nasjonal dugnad i regi av Kunnskapsdepartementet for å utdanne, rekruttere og halde på dyktige lærarar. Det er det såkalla GNIST-partnarskapen i Møre og Romsdal med fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylke, Kommunenes Sentralforbund (KS), Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda som står bak «Ut i jobb-dagen 2012». 

Lærarmangel

Behovet for gode lærarar i skulen er stort, og høg kompetanse på dette området er svært etterspurt. Med ei lærarutdanning frå Volda er ein i praksis sikra jobb.

Tidlegare rektor ved HVO og samfunnsforskar Jørgen Amdam peikar på at 30 prosent av lærarane i fylket er over 55 år. Mange nærmar seg altså pensjonsalderen. Ifølgje Amdam er det behov for om lag 300 nye lærarar berre i Møre og Romsdal kvart år.

Også Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal er uroleg over lærarmangelen.

– Udanningsforbundet ønskjer å ta ansvar. Difor er vi aktive i det rekrutteringsarbeidet som må gjerast mellom anna ved å ta del i GNIST-partnarskapen. Skuleeigarane har ansvaret for at kommunane har nok kvalifiserte lærarar i sine skular. Difor er det heilt naudsynt at dei mobiliserer.
Kvalifiserte lærarar er som kjent ein av dei viktigaste faktorane for elevane si læring, seier nestleiar Borghild Moe i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

8dd3b4f48acaa9c3e5dcacbda7d23dc3a6f6746d

Nestleiar Borghild Moe i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

Ut i jobb-dagen

Del på