Invitasjon: Skulering i avanserte pedagogiske forskingskingsmetodar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Kvalsund er leiar av EERA sitt forskarnettverk 14: Communities, Families and Schooling in Educational Research.  Han er også medlem i programkomiteen for den årlege EERA- konferansen i pedagogisk forsking (ECER), som i 2012 blir arrangert i Cadiz, Spania.

I tida mellom dei årlege konferansane blir det i tillegg arrangert kvalifiseringsseminar – vårskular og sommarskular – i pedagogiske forskingsmetodar. På den komande vårskulen i Göteborg er temaet årsaksanalysar.

– Spørsmål om årssakssamanhengar melder seg ofte i pedagogiske forsking, men kan sjeldan undersøkast ved å nytte eksperimentelle teknikkar. Dei to siste ti-åra er likevel metodar for årsaksanalysar blitt vidareutvikla innan statistikk, økonomi og andre fagdisiplinar. Dette er metodar som understøttar analysar av årsakssamanhengar både i tverrsnittsdata og longitudinelle data, seier forskar Rune Kvalsund.

c56dd611e53812de2d5a71c5d4b8b9cd123225c1

Professor Rune Kvalsund.

Les meir

Den europeiske organisasjonen for pedagogisk forsking (EERA) er ein uavhengig europeisk forskingsorganisasjon. For det andre året på rad inviterer EERA no til  ein såkalla «Vårskule» i bruk av avanserte metodar i pedagogisk forsking (EERA Spring school on Advanced Methods in Educational Research). Dette året vil tre nyare avanserte metodar i årsaksanalyse bli presenterte for interesserte deltakarar: 1. instrumental variable regression, 2. regression analysis with fixed effects og 3. difference–in-differences estimation.

Vårskulen blir arrangert 13. – 17. februar i 2012, og vertskap er Department of Education & Special Education, University of Götenburg, Sverige. Programmet er ei blanding av førelesingar og seminar med bruk av datamaskin i analysearbeidet. Deltakartalet er avgrensa til 25.

Fristen for å søke er 31. oktober 2011. Retningslinjene for å registrere deg som deltakar. Deltakaravgifta er 100€ og dekkjer alle kurskostnader og overnatting (full tuition and accommodation).

Kursansvarlege er Wilfried Bos, Jan-Eric Gustavsson, Monica Rosén og Rolf Strietholt.

Del på