Lærarutdanninga i Volda er 150 år. Blir det nye 20 år?
– Ei av utfordringane er studentrekrutteringa til dei to nye grunnskulelærarutdanningane. Å drive to utdanningar med same studentalet då vi hadde berre ei allmennlærarutdanning er ressurskrevjande for høgskulen, seier førsteamanuensis Madssen.
Førstemanuensis Kjell-Arild Maddsen, professor Peder Haug, dekan Arne Myklebust og prodekan Anne Øie inviterer til seminar og festkveld.
Samarbeid om lærarutdanningane på Vestlandet
For mellom anna å tilby større breidde i dei obligatoriske faga og valfaga, samarbeider Høgskulen i Volda med andre lærarutdanningar i UHNettVest, eit nettverk av universitet og høgskular mellom Stord og Volda.
– Ny teknologi opnar for effektiv fjernundervisning som gjer at lærarar i Volda kan undervise studentar andre stader i sann tid. På denne måten kan vi også tilby lærarstudentane våre større breidde i fagtilbodet.
Seminaret vert avslutta med ein festmiddag i Kaarstad-huset kl. 1900.