Studentsørvis

  • "Spor i jord": eit arkeologisk seminar

    Publisert

    Søndag 8. mai arrangerer Den norske historiske forening (HIFO Nordvestlandet) seminaret "Spor i jord", som handlar om arkeologiske nyhende frå Sunnmøre og Vestlandet. Seminaret finn stad på Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda.

  • Ope seminar med komponist Wolfgang Plagge

    Publisert

    I morgon held pianist og komponist Wolfgang Plagge foredrag med temaet "Hva vil komponistene og hva når frem til lytterne?" på Høgskulen i Volda. Dette er eit ope seminar i samband med Sunnmøre kammermusikkfestival 2011 og alle er velkomne.

  • Fagdag: PR - ein profesjon i utvikling

    Publisert

    Onsdag denne veka arrangerer PR-utdanninga fagdag. PR-sjef Anette Wollebekk (bilete) i I&M reklamebyrå og kommunikasjonsrådgjevar Øyvind Michael Olsen, med bakgrunn frå mellom anna Ulstein og ODIM, held foredrag om utviklinga av kommunikasjonsfeltet på Sunnmøre og kommunikasjonsutfordringar i større selskap.

  • Arkitektur i skulen

    Publisert

    Høgskulen i Volda arrangerer måndag 9. mai ein gratis konferanse der ein set fokus på emne Arkitektur i Kunst og Handverk. Det er arkitekturens år og vi veit at lærarane i regionen gjerne tek i mot hjelp til å sjå korleis arkitektur-området kan formidlast, seier høgskulelektorane Åshild Sævik og Thorstein Vasset.

  • Vårens kulturhøydepunkt: Sunnmøre kammermusikkfestival

    Publisert

    Den 5.-7. mai arrangeres Sunnmøre kammermusikkfestival i Ulstein, Herøy, Ørsta og Volda. Festivalen tilbyr førsteklasses musikkopplevelser av internasjonalt kaliber anført av stjernetrompetisten Ole Edvard Antonsen.

  • God søking til Høgskulen i Volda

    Publisert

    Høgskulen i Volda har ein sterk auke i søkinga til det lokale opptaket, heile 23% opp frå 1341 primærsøkjarar i 2010 til 1651 i år. Høgskulen har også ein fin auke på 13,9 % i Samordna opptak, opp frå 1184 primærsøkjarar i 2010 til 1349.

  • Barnehageovertaking for førskulelærarstudentar

    Publisert

    For fyrste gong ved Høgskulen i Volda har 3. årsstudentar ved førskulelærarutdanninga hatt barnehageovertaking som ein del av sin fire veker lange praksis. Totalt har 45 studentar vore utplasserte i fire barnehagar lokaliserte i Volda, Ørsta og Hareid.

  • Terje Aarset professor i norsk språk

    Publisert

    Torsdag 14. april gjorde styret ved Høgskulen i Volda vedtak om at Terje Aarset får godkjent personleg opprykk med tittel som professor i norsk språk.