Barnehageovertaking for førskulelærarstudentar
Tekst: Hanne Elin Harnes, Praksiskoordinator ved førskulelærarutdanninga.
Det overordna temaet for praksisen har vore ”Den fleirkulturelle barnehagen”. Samstundes med barnehageovertakinga har også fagpraksis knytt til emna Pedagogikk/samfunnsfag, fordjupingane Organisasjon og leiing, samt Utefag blitt gjennomført.
I vekene før overtakinga nytta studentane deltakande observasjon, deretter tok dei over barnehagen i sju heile dagar. I løpet av praksisperioden har dei gjennomført ulike oppgåver knytt til det overordna temaet, dei ulike emna, årsplan for barnehagen og ”Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen”. Studentane blei rettleia av praksislærarar og faglærarar både i forkant av, og i praksisen. I etterkant av overtakinga skal studentane ha ei oppsummering av praksisen med framlegg av felles rapport frå kvar barnehage. Det vert også eit felles evalueringsmøte for både studentar, praksislærarar, faglærarar og administrasjonen i førskulelærarutdanninga.
Rollebyte
Høgskulen i Volda har valt ein modell for overtakinga der det er assistentane som gjeng ut av barnehagen, medan pedagogisk leiar og styrar har teke rollene som assistent. Studentane har fylt rollene som styrarar og pedagogiske leiarar. Assistentane starta dei første tre dagane i overtakingsveka med eit felles kurs på høgskulen. Resten av tida har assistentane mellom anna nytta til fagleg oppdatering, kurs, studieturar og besøk til andre barnehagar.
Artikkelen held fram under biletet
Monica Yvonne Særsten fekk rolla som styrar i Grønmyr barnehage Holstad.
Oppfølging
I løpet av overtakinga var administrasjonen i førskulelærarutdanninga på besøk ute i barnehagane. Den dagen dei vitja Grønmyr barnehage Holstad på Hareid, var det Monica Yvonne Særsten som fekk prøve seg i rolla som styrar. Monica kunne fortelje at det var spesielt lærerikt å setje seg inn i program for totalkvalitet som barnehagen arbeider med.
Nokre av studentane i denne barnehagen har også vore med på møte med kommunen, der dei blant anna har fått innsyn i korleis det blir arbeidd med spesialpedagogiske planar. I tillegg har studentane fått arbeide med lønnsutbetaling, timelister, internkontroll, med meir.
Ulike oppgåver
Oppgåvene studentane har møtt har variert noko frå barnehage til barnehage. Utefagsstudentane som var ved Grønmyr barnehage Holstad hadde til dømes planlagt wok på bål i utetida denne dagen, noko som var svært populært for borna som var i alderen eitt til tre år. Dette var ein av dagane då studenten Anneli Hasfjord Frantsen fylte rolla som pedagogisk leiar. Ei av oppgåvene hennar var å gi beskjedar og halde oversikt over alle borna medan dei var på veg inn til sovetid. Elles var aktivitetane i barnehagen prega av påskeførebuing og det var god stemning på dei ulike avdelingane. Borna var aktive med klipping og måling av påskeegg, såing av karse og song under måltidet.
Artikkelen held fram under biletet
HVO-studentar ved Grønmyr Holstad barnehage saman med ei av småbarnsgruppene. Anneli Hasfjord Frantsen (til høgre) har her rolla som pedagogisk leiar.
Respons i etterkant
Tilbakemeldingar frå studentane fortel at dei godt kunne tenkje seg at praksisperioden var lengre. Dei erfarte at observasjon er viktig før ein set i gang overtakinga, samt at strukturen kan endrast noko til neste gong. Fleire tilbakemeldingar er venta å få på praksisoppsummeringa denne veka og evalueringsmøtet neste månad. Til neste år skal 95 førskulelærarstudentar (både frå heiltid og deltid) ut i praksis med barnehageovertaking.