Fagdag: PR - ein profesjon i utvikling
I tillegg til faglege innlegg frå lærarar ved utdanninga, vil rektor Jørgen Amdam halde eit foredrag som oppsummerer utviklinga i sunnmørsregionen siste åra, og ser framover for dei studentar som er interessert i å etabelere seg og arbeide i regionen etter studietida.
PR-studentar på ekskursjon til Brüssel og Antwerpen tidlegare i år.
– Dette vert ei fin oppsummering for studentane i heile bachelorgraden, og spesielt for dei som no skal levere bacheloroppgåve og søkje seg ut i arbeidslivet, seier programansvarleg Jens Standal Groven ved Bachelorgradsstudiet i PR, kommunikasjon og media.
Praksis gull verdt
Fagansvarleg Jan Arne Halvorsen fortel at siste to dagane har tredjeårsstudentane hatt framføringar om praksisperioden sin, og syner til mange spennande utfordringar både i små og store selskap.
– Vi har hatt 22 studentar i åtte vekers ekstern praksis i alt frå FN-sambandet, Nationaltheateret, SAS, TV2, DnB Nor, Rolls Royce Marine, NORAD og mange fleire verksemder. Dette er ei erfaring som studentane sjølve og arbeidsgjevarane deira seinare set stor pris på.
Studentane seier at dei kan vere usikre på å hoppe ut i arbeidslivet, men at det er svært nyttig å få prøve seg i praksis og få stadfesta kompetansen etter tre år i Volda.
– Kommunikasjonsleiarar som tek i mot studentane i ulike avdelingar rundt om, rapporterer at dei stor pris på kandiadatane frå Volda, fordi dei er fagleg operative frå dag ein, kommenterer.