"Spor i jord": eit arkeologisk seminar
Tekst: Gro Anita Bårdseth
Foto: B. Ringstad, Møre og Romsdal fylkeskommune
Arkeolog og forskar Søren Diinhof frå Bergen museum vil presentere funna av ein jarnaldergard frå Moflata i Ørsta sentrum, og fortelje siste nytt om jarnaldergarden på Vestlandet. Diinhof er blant dei mest engasjerte forskarane på dette feltet i Noreg, og har førstehands kjennskap til Sunnmøre og Vestlandet.
I andre økta skal vi til Kvivsvegen. Langs vegtraseen har arkeologane funne mange spor etter førhistoriske menneske. Fylkesarkeolog Trond Linge, Møre og Romsdal fylkeskommune, vil fortelje om kva som er funne langs vegtraseen og presentere førebelse resultat og tolkingar.
Etter foredraga vert det opning for spørsmål og diskusjon.
Stad: Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset
Tid: Søndag 8. mai 2011, kl. 14.00 - 16.00
Fri entré
Vel møtt!