God søking til Høgskulen i Volda
I det lokale opptaket ser ein at ei rekkje betalingsstudium har fin framgang. Det er også auke i søkinga til ulike kurs på masternivå og PPU.
I Samordna opptak er det ein god auke innan journalistikk, andre medieutdanningar (PR, kommunikasjon og media, animasjon, media, IKT og design) og sosionom. Det er også god søking til arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning.
– Det er bekymringsfullt at søkinga til grunnskulelærarutdanningane (GLU) i Volda går tilbake med 10 frå 110 i 2010 til 100 i år, seier høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.
Høgskulen i Volda har 45 primærsøkjarar til GLU 1-7 (55 i fjor). 55 har søkt GLU 5 -10 (om lag det same som i fjor).
Har du det i deg?
Det har vore knytt høge forventningar til talet på søkjarar til grunnskulelærarutdanningane i år.
I 2020 kjem Noreg til å trenge minst 13.000 fleire lærarar. Kunnskapsdepartementet har satsa hardt på kampanjen «Har du det i deg?» for å rekruttere fleire til yrket.
Tala som Samordna opptak har offentliggjort syner at søkinga til lærarutdanningane i Noreg går fram med 3,4 prosent.
Størst er auken til dei 5-årige integrerte lærarutdanningane (5,8 prosent). Grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. trinn går fram med 2,9 prosent, mens for 5.- 10. trinn er auken på 2,3 prosent.