Terje Aarset professor i norsk språk

Tekst: Webmaster Volda

Eit sakkunnig utval samansett av professor Lars S. Vikør (Universitetet i Oslo), professor Gudlaug Nedrelid (Universitetet i Agder) og professor Idar Stegane (Universitetet i Bergen) har samrøystes gått inn for å gje Terje Aarset professorkompetanse.
 
Terje Aarset er fødd i 1945. Han har examen artium frå Volda (1966), lærareksamen (Volda 1968) og studium i tysk og nordisk (Noregs lærarhøgskule / Universitetet i Trondheim, UNIT) med nordisk hovudfag (1974). Aarset har undervist i grunnskulen (Frei) og ungdomsskulen (Ørsta). Undervisningsrøynsle frå høgare nivå har han frå UNIT og først og fremst ved Høgskulen i Volda (frå 1978, då skulen heitte Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda), med fast tilsetjing som førsteamanuensis frå 1982.

019166c039bd0cfdd3a98b6845c9b49a5bb25b11
Professor Terje Aarset.
 
Som forskar har Aarset arbeidt på ulike felt innanfor nordiskfaget. Han har levert ei lang produksjonsliste over arbeid på ei rekkje fagfelt, som han har ordna i kategoriane namnegransking, redigeringsarbeid, Ivar Aasen, bibliografiske arbeid, folkemusikk, den norske songskatten, bokmeldingar og anna. Han tok til med ei hovudfagsavhandling om syntaks (”Spørsmålsforma vilkårssetningar i norsk. Nokre syntaktiske og stilistiske drag”), og markerer no tre andre område ved å levere til vurdering femten arbeid i namnegransking, edisjonsfilologi og nynorsk skriftkultur. Ut frå dette grunnlaget presenterer han fagprofilen sin som ”Nordisk filologi med vekt på nynorsk skriftkultur”. Han vel også ut to produksjonsnummer, nr. 11. Ivar Aasen: Norsk Ordbog [1873]. Ny utgåve ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset (2003), og nr. 15 Den nynorske songskatten (2009), som han held for dei viktigaste av dei femten arbeida.
 
I innstillinga konkluderer det sakkunnige utvalet slik:

”I gjennomgåinga av dei femten skriftene som Terje Aarset har levert til vurdering, har det sakkunnige utvalet uttrykt seg overvegande positivt på alle tre hovudområda. Vi har funne grunn til å bruke uttrykk som mellom anna desse: ein pioner som har ytt viktige bidrag til å vitskapleggjere norsk personnamnforsking; uvanleg omfattande innsats; og grundigheit, presisjon og soliditet, ikkje minst om utgjevinga av Aasens to ordbøker; kompetanse på ei rekkje felt; utnyttar stor musikkunnskap og musikkinteresse.
 
Som forskar er Aarset ein utprega empirikar, og ein stor del av innsatsen hans har gått ut på å leggje til rette og utdjupe viktig kjeldemateriale på dei felta der han har hatt sin spesialkompetanse, og med det har han ytt uvanleg verdifulle tenester for seinare forsking. Utvalet meiner dette er legitimt, sjølv om nokon kunne etterlyse meir teoretisk nybrottsarbeid i søkjarens produksjon. Men ikkje minst innanfor personnamngranskinga har Aarset vore med på å utvikle det vitskaplege paradigmet som er det rådande i dag, og som har vist seg fruktbart. Utvalet meiner at produksjonen fell godt innanfor kravet om ”vitenskapelig nivå i samsvar med etablerte internasjonale og nasjonale standarder”.
 
Fleire av arbeida til Aarset vitnar om eit fagmenneske som ikkje berre har vide interesser og kompetanse på fleire felt, men òg har evne til å samarbeide på dei ulike felta både med formelt kompetente fagfolk og med kunnskapsrike og interesserte lekfok frå ulike miljø kringom i landet. Den pedagogiske kompetansen hans botnar i årelang og solid røynsle, som utvalet reknar som meir enn tilstrekkeleg dokumentert.
 
Det sakkunnige utvalet innstiller førsteamanuensis Terje Aarset til professor etter kompetanse.”

Del på