Samfunnsfag

  • Rekordsøking til helseleiing

    Publisert

    – Vi er glade og stolte over rekordstor søking til vidareutdanninga Ledelse i helse- og sosialtjenestene, seier dosent Alf Roger Djupvik ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag ved Høgskulen i Volda. Over 90 søkjarar har takka ja til studieplass.

  • Ny professor ved Høgskulen i Volda

    Publisert

    Bjarte Folkestad vart nyleg tilkjent professorkompetanse i samfunnsplanlegging. Folkestad har vore tilsett ved Høgskulen i Volda sidan 2018. Folkestad sine forskingsfelt er lokaldemokrati, kommunal organisering og tenesteyting samt frivillig sektor og organisasjonsdeltaking.

  • Undervisning i Koronaens tid

    Publisert

    Høgskulen i Volda var tidleg ute med å legge om til digitale undervisingsformer som respons på Koronakrisa. Førstelektor Magnar Hjertenæs ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag er ein av dei mange fagtilsette som no underviser over nettet frå sitt heimekontor. – Eg er ikkje i tvil om at dette vil endre måten vi underviser i framtida på, seier han.

  • Kvinnelege lærarar og læring om fred i mellomkrigstida

    Publisert

    Første halvdelen av 1900-talet var ein periode med veldige krigar, sosial uro og framvokster av antidemokratiske ideologiar som fascisme, nazisme og kommunisme. – I mellomkrigstida tok mange kvinnelege lærarar initiativ til å lære norske elevar om fred, seier førstelektor Elisabeth Teige.

  • Vil gjere studentar meir nytenkande og aktive

    Publisert

    Korleis kan ein få studentar til å sjå fleire moglegheiter og bli enda meir aktive i måten dei lærer og studerer på? Det skal eit internasjonalt forskingsprosjekt med Høgskulen i Volda som prosjektleiar forsøke å gi gode svar på.

  • Første alumnisamling IPAS

    Populær første alumnisamling

    Publisert

    Oppstartssamling for Alumni – IPAS vart godt besøkt av både tidlegare og noverande studentar. – Dette er heilt klart noko å bygge vidare på, meiner førstelektor Magnar Hjertenæs.

  • Thumbnail

    Voldastudentar vitja Ålesund Future Lab

    Publisert

    FN har sett berekraftig byutvikling på dagsordenen gjennom programmet United 4 Smart Sustainable Cities. Nye Ålesund kommune er med i programmet og har etablert Ålesund Future Lab i Norsk Maritim kompetansesenter. Torsdag var ei gruppe studentar frå Institutt for planlegging, administrasjon og skulefag på besøk.

  • Forskingssamarbeid med Universitetet i Heidelberg

    Publisert

    Professor emeritus Rune Kvalsund har samarbeidd internasjonalt om komparativ forsking på bygdeskular i fleire tiår. Nyleg publiserte han eit kapittel i boka Geographies of Schooling i serien Knowledge and Space som er redigert av framståande fagfolk ved Universitetet i Heidelberg, Tyskland.

  • Thumbnail

    Til Portugal for å lære om EU

    Publisert

    – Det er greitt nok å sjå summane av pengar frå EU på eit papir, men mykje meir lærerikt å sjå kva dei fysisk blir brukt til, synest Rebekka Schubert. Ho var ein av studentane som fekk oppleve korleis EU sin politikk praktiserast og deira innverknad på eit medlemsland.