Forskingssamarbeid med Universitetet i Heidelberg
Professor emeritus Rune Kvalsund har samarbeidd internasjonalt om komparativ forsking på bygdeskular i fleire tiår. Nyleg publiserte han eit kapittel i boka Geographies of Schooling i serien Knowledge and Space som er redigert av framståande fagfolk ved Universitetet i Heidelberg, Tyskland.
Boka tar for seg den kompliserte samanhengen mellom innhald og form i skuleverksemda på den eine sida og staden der skulen er lokalisert på den andre sida. Dette er forsking frå fagfelt som samfunnsgeografi, pedagogikk og samfunnsvitskap i Tyskland, England, Frankrike, Tjekkia, Ungarn, Austerrike, Sveits, Noreg og Canada. Ved å krysse grensene mellom fagdisplinar gir boka djupare innsikt i både den rådande fagelege debatten på feltet og empiriske kasusstudiar som avspeglar forholdet mellom utdanning og stad.
Rune Kvalsund har analysert den norske forskingssituasjonen og identifiserer ei rekke indikatorar på presset for å gjere djupe endringar i bygdeskulane – frå vekt på stadmedviten opplæring til hovudvekt på testresultat og elevprestasjonar på prøver i abstrakte skulefag (jf PISA). Dette omfattar mellom anna spørsmål om skulestorleik og skulestruktur, læringsformer, endra kriterium for pedagogisk kvalitet, skulen som kunnskapsbedrifter, mønster i sam-styring (governance) og mentalitets-styring (governmentality) og endra finansieringsordning med rammeløyvingar på kommunenivå som skaper sektorkonflikter om fordeling av pengar.
Forfattaren analyserer tre forskingsprosjekt som dekkjer meir enn 30 års forsking på bygdeskular i Noreg og samanliknar prosjekta ved å vise til meta-kunnskap om forskingstema, design, metodar, omgrep og teoriar som viser korleis ein kan spore fotavtrykk etter den kulturelle dekonstruksjonen av bygdeskular, stader og lokalsamfunn og korleis dette også kjem til uttrykk i samfunnsvitskapleg forsking.