Vil gjere studentar meir nytenkande og aktive
Korleis kan ein få studentar til å sjå fleire moglegheiter og bli enda meir aktive i måten dei lærer og studerer på? Det skal eit internasjonalt forskingsprosjekt med Høgskulen i Volda som prosjektleiar forsøke å gi gode svar på.
I november gjekk den offisielle starten for Erasmus +-prosjektet EASIP COMP i Volda. Då var deltakarar frå Italia, Finland og Slovenia, saman med tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO), samla til oppstartsmøte. I tillegg er også næringslivsaktørar frå kvart land representert. Frå Norge er Sunnmøre Kulturnæringshage representert ved Martin Foldal og Erlend Krumsvik.
Ny teknologi og metodikk
Professor Nathalie Homlong er fagleg prosjektleiar, medan seniorrådgjevar Bjørn Gunnar Tafjord er prosjektleiar for den administrative delen. Begge tilsett ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved HVO. Dei ser fram imot å arbeide i to og eit halvt år med det studentretta Erasmus +-prosjektet som totalt har fått løyvd vel tre millionar kroner.
– Målet med prosjektet er at ein gjennom ny teknologi og metodikk skal forsøke å gjere studentar som tek høgare utdanning meir entreprenørielle, fortel Tafjord, som med det meiner at studentane skal ta enda meir ansvar for eiga læring, vere aktive, nysgjerrige og sjå moglegheiter i studiekvardagen sin. Ved hjelp av nye ferdigheiter skal studentane kunne sjå korleis dei kan studere og lære på litt andre måtar enn dei er vande med.
For å få til det vil ein gjennom prosjektet mellom anna utvikle eit kursopplegg som er tilpassa studentar. Fagleg tilsette ved universitet og høgskular vil få rettleiing i korleis dei skal undervise i dette kurset.
Studentar ute i bedrifter
Prosjektdeltakarane har mykje spanande arbeid framføre seg – som også inneber involvering av studentar. For som ein del av prosjektet skal studentar frå alle dei fire deltakarlanda få oppdrag frå bedrifter i sine heimland og prøve ut ting i praksis.
– Vi har skrive avtale med bedrifter i alle deltakarland. Ute i bedriftene får studentane reelle problemstillingar og oppdrag. Ut i frå det skal studentane utvikle prototypar og kome fram til ei løysing. Gjennom slike praktiske arbeidsoppgåver får vi sett studentane i aksjon når dei forsøker å tenke nytt, vere kreative og løyse utfordringar på nye måtar, forklarar Homlong.
Nytt i høgare utdanning
Det er naturleg nok stor skilnad i korleis undervisning i høgare utdanning går føre seg. Men i motsetnad til meir tradisjonell undervisning i klasserom ønsker prosjektet å vere med på å oppfordre studentane til å ta ei meir aktiv rolle då studentar ofte vert passive mottakarar av kunnskap. – Prosjektet vil sjå på korleis ein kan få meir kreativitet, praksis og studentaktivitet inn i undervisninga, seier Tafjord og held fram:
– Ungt Entreprenørskap (UE) har utvikla metodikk for korleis elevar kan verte meir aktive . Men dette gjeld i liten grad studentar i høgare utdanning som ofte opplever at dei heng att i tradisjonelle undervisningsformer – og nettopp difor er arbeidet som no er sett i gang så viktig.
I tillegg til nemnte Homlong og Tafjord, er HVO representert ved høgskulelektor Janne Heggvoll ved Avdeling for kulturfag, høgskulelektor Jon Harman og førsteamanuensis Kjetil Vaage frå Avdeling for mediefag. Sist nemnde avdeling har hovudansvar for å utvikle nettside for prosjektet, som er viktig i eit Erasmus+-prosjekt der spreiing og formidling av resultat er svært viktig.
Frå HVO har utvekslingsstudent Leona Strohm ein støttefunksjon knytt til praktiske og administrative oppgåver.